Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Kompetansemål etter 1P – Vg1 studieførebuande utdanningsprogram
Tal og algebra
- gjere overslag over svar, rekne praktiske oppgåver, med og utan digitale verktøy, presentere resultata og vurdere kor rimelege dei er
- tolke, bearbeide, vurdere og diskutere det matematiske innhaldet i skriftlege, munnlege og grafiske framstillingar
- forenkle fleirledda uttrykk og løyse likningar av første grad og enkle potenslikningar
- tolke og bruke formlar som gjeld daglegliv og yrkesliv
- rekne med forhold, prosent, prosentpoeng og vekstfaktor
- behandle proporsjonale og omvendt proporsjonale storleikar i praktiske samanhengar
Geometri
- bruke og grunngje bruken av formlikskap, målestokk og Pytagoras’ setning til berekningar og i praktisk arbeid
- løyse problem som gjeld lengd, vinkel, areal og volum
- rekne med ulike måleiningar, bruke ulike målereiskapar, vurdere kva for målereiskapar som er formålstenlege, og vurdere kor usikre målingane er
- tolke, lage og bruke skisser og arbeidsteikningar på problemstillingar frå kultur- og yrkesliv og presentere og grunngje løysingar
Sannsyn
- lage døme og simuleringar av tilfeldige hendingar og gjere greie for omgrepet sannsyn
- berekne sannsyn ved å telje opp gunstige og moglege utfall, systematisere oppteljingar ved hjelp av krysstabellar, venndiagram og val-tre og bruke addisjonssetninga og produktsetninga i praktiske samanhengar
Funksjonar
- gjere greie for omgrepet lineær vekst, vise gangen i slik vekst og bruke dette i praktiske døme, også digitalt
- omsetje mellom ulike representasjonar av funksjonar
- undersøkje funksjonar som beskriv praktiske situasjonar, ved å fastsetje nullpunkt, ekstremalpunkt og skjeringspunkt og tolke den praktiske verdien av resultata
Økonomi
- gjere greie for og rekne med prisindeks, kroneverdi, reallønn og nominell lønn og berekne inntekt, skatt og avgifter
- vurdere forbruk og bruk av kredittkort og setje opp budsjett og rekneskap ved hjelp av rekneark
- undersøkje og vurdere ulike former for lån og sparing
11 av 14