Vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag (BUA02‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag inneber å kommunisere gjennom kroppsspråk, samtalar og ulike typar presentasjonar. Det inneber å tilpasse eige språk til mottakar, innhald og formål og å kunne lytte til og vise respekt for den ein snakkar med. Vidare inneber det å bruke relevante faguttrykk og uttrykkje eigne observasjonar presist.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag inneber å skrive planar, referat og dokumentasjon. Det handlar også om å skrive eigne tekstar til ulike formål, mottakarar og medium.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag inneber å forstå og setje seg inn i faglitteratur og å vurdere kjelder kritisk. Vidare inneber det å forstå planar og relevant regelverk. Det handlar også om å nytte barne- og ungdomslitteratur i yrkesutøvinga.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag inneber å bruke rekneverktøy, statistikk og diagram og utføre økonomiske berekningar. Det inneber også å bruke rekneartar i det pedagogiske arbeidet og måleiningar i arbeidet med ernæring og kosthald for barn og unge.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag inneber å innhente og behandle informasjon og fagstoff. Vidare inneber det å vurdere, organisere og bruke informasjon frå digitale kjelder formålstenleg og følgje reglar for opphavsrett. Det handlar også om å nytte digitale samhandlingsprosessar i det pedagogiske arbeidet. Digitale ferdigheiter inneber dessutan å utvikle digital dømmekraft og å vurdere eiga rolle på internett og i sosiale medium.