Vg2 elenergi og ekom (ELE02‑03)
Kjerneelement
Systemforståing
Kjerneelementet systemforståing handlar om korleis elektriske komponentar og utstyr er kopla saman og programmert for å oppnå ønskt verkemåte og funksjon. Vidare handlar det om verkemåten til komponentane og utstyret.
Yrkesutøving
Kjerneelementet yrkesutøving handlar om arbeid på elektroniske system og elektriske anlegg, utstyr og maskiner. Vidare handlar det om korleis gjeldande regelverk, berekningar, målingar og tekniske underlag inngår i heilskaplege og samansette yrkesoppgåver. Kjerneelementet handlar også om val og bruk av eigna verktøy og utstyr.
Energi og miljø
Kjerneelementet energi og miljø handlar om ulike former for produksjon, overføring og lagring av elektrisk energi. Vidare handlar det om energieffektiviserande tiltak og auka bruk av elektrisk energi i samfunnet. Det handlar også om miljøkonsekvensar ved val av materiell og utstyr og reparasjon og utskifting av dette.
Ekom- og datasikkerheit
Kjerneelementet ekom- og datasikkerheit handlar om påliteleg og sikker overføring og lagring av informasjon i elektroniske kommunikasjonsnett og informasjonssystem. Vidare handlar det om å vareta sikkerheit og personvern i heile livssyklusen til installasjonen og produktet.
Maskin- og elsikkerheit
Kjerneelementet maskin- og elsikkerheit handlar om sikkerheitstiltak i samsvar med gjeldande regelverk, normer, instruksar og internkontrollsystem for å unngå skade på liv, helse og materielle verdiar.