Engelsk (ENG01‑04)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i engelsk er å skape meining gjennom å lytte, tale og samtale. Det handlar om å vidareformidle informasjon, tilpasse språket til formål, mottakar og situasjon og å velje eigna strategiar. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i engelsk handlar om å bruke det munnlege språket gradvis meir presist og nyansert til å kommunisere om forskjellige emne, i formelle og uformelle situasjonar til ulike mottakarar med ulik språkleg bakgrunn.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i engelsk er å kunne uttrykkje idear og meiningar på ein forståeleg og formålstenleg måte i ulike typar tekstar, på papir og digitalt. Å skrive handlar om å planleggje, utforme og arbeide vidare med tekstar som kommuniserer, og å tilpasse språket til formål, mottakar og situasjon og velje eigna skrivestrategiar. Utviklinga av skriveferdigheiter i engelsk går frå å lære enkeltord og frasar til å skape ulike typar samanhengande tekstar som formidlar synspunkt og kunnskap. Det inneber òg å bruke ulike typar kjelder på ein kritisk og etterretteleg måte.
Å kunne lese
Å kunne lese i engelsk er å forstå og reflektere over innhald i ulike typar tekstar på papir og digitalt og skal bidra til leseglede og tileigning av språk. Det inneber å lese og finne informasjon i samansette tekstar med konkurrerande bodskapar og å bruke lesestrategiar til å forstå eksplisitt og implisitt informasjon. Utviklinga av leseferdigheiter i engelsk går frå å eksperimentere med språklydar, stavemønster og stavingar til å lese varierte og komplekse tekstar med flyt og forståing og i stadig større grad kunne reflektere over og vurdere ulike typar tekstar kritisk.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i engelsk er å kunne bruke digitale medium og ressursar for å styrkje språklæringa, for å møte autentiske språkmodellar og samtalepartnarar på engelsk og for å tileigne seg relevant kunnskap i engelskfaget. Det inneber å opptre kritisk og reflektert i engelskspråklege digitale uttrykksformer og i kommunikasjon med andre. Utviklinga av digitale ferdigheiter i engelsk går frå å utforske språket til å kunne samhandle med andre, skape tekstar og tileigne seg kunnskap ved å innhente, utforske og kritisk vurdere informasjon frå ulike engelskspråklege kjelder.