Engelsk (ENG01‑04)
Kjerneelement
Kommunikasjon
Kommunikasjon inneber å skape meining med språk og å kunne bruke språket i formelle og uformelle samanhengar. Elevane skal ta i bruk eigna strategiar for å kommunisere munnleg og skriftleg i forskjellige situasjonar og ved å bruke ulike medium og kjelder. Elevane skal få oppleve, bruke og utforske språket frå første stund. Opplæringa skal leggje til rette for at elevane får utfalde seg og samhandle i autentiske og praktiske situasjonar.
Språklæring
Språklæring inneber å utvikle språkmedvit og kunnskap om engelsk som system og å kunne bruke språklæringsstrategiar. Kunnskap om korleis språklydar, ordforråd og ord-, setnings- og tekststrukturar blir brukte, gir elevane val og moglegheiter i kommunikasjon og samhandling. Språklæring inneber å sjå samanhengar mellom engelsk og andre språk elevane kan, og å forstå korleis engelsk er bygd opp.
Møte med engelskspråklege tekstar
Språklæringa skjer i møte med engelskspråklege tekstar. Tekstomgrepet blir brukt i vid forstand: munnlege og skriftlege, trykte og digitale, grafiske og kunstnarlege, formelle og uformelle, skjønnlitterære og sakprega, frå notid og fortid. Tekstane kan innehalde skrift, bilete, lyd, teikningar, grafar, tal og andre uttrykksformer som er sette saman for å understreke og formidle ein bodskap. Arbeid med engelskspråklege tekstar bidreg til å gi elevane kunnskap om og erfaring med språkleg og kulturelt mangfald, og òg innsikt i levemåtar, tenkesett og tradisjonar til urfolk. Gjennom å reflektere over, tolke og kritisk vurdere ulike typar engelskspråklege tekstar skal elevane tileigne seg språk og kunnskap om kultur og samfunn. Elevane utviklar med dette interkulturell kompetanse slik at dei kan forhalde seg til ulike levemåtar, tenkesett og kommunikasjonsmønster. Elevane skal få eit grunnlag for å sjå sin eigen og andre sin identitet i ein fleirspråkleg og fleirkulturell samanheng.