Framandspråk (FSP01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter nivå II
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lytte til og forstå tydeleg tale om personlege og fagleg relevante emne og aktuelle saker
- samtale i ei rekkje daglegdagse situasjonar om kjende og fagleg relevante emne
- munnleg forklare fagleg relevante emne, skildre opplevingar, hendingar og planar, og grunngi meiningar, òg spontant
- lese og forstå ulike typar tekstar, òg autentiske, om personlege og fagleg relevante emne og aktuelle saker
- skrive ulike teksttypar om personlege og fagleg relevante emne, og uttrykkje og grunngi eigne meiningar, med og utan hjelpemiddel
- bruke grunnleggjande språklege strukturar, reglar for uttale og rettskriving og det offisielle alfabetet eller teikn for språket for å kommunisere på ein situasjonstilpassa måte
- bruke relevante lærings- og kommunikasjonsstrategiar, digitale ressursar og erfaringar frå tidlegare språklæring i læringsprosessen
- utforske og gjere greie for mangfald, samfunnsforhold og historiske hendingar i område der ein snakkar språket, og sjå samanhengar med eigen bakgrunn
- utforske og presentere kunstnarlege og kulturelle uttrykk frå område der ein snakkar språket, og gjere greie for eigne opplevingar
Undervegsvurdering
eUndervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i framandspråk på nivå II når dei forstår og bruker språket munnleg og skriftleg i daglegdagse situasjonar og i kommunikasjon om fagleg relevante emne, med og utan hjelpemiddel. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei får anledning til å beskrive og reflektere over språket, samfunnet og kulturen der ein snakkar språket.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å ta i bruk varierte strategiar og læringsressursar. Læraren skal leggje til rette for at elevane kan utvikle leseferdigheiter og munnlege og skriftlege ferdigheiter gjennom å vere kreative og prøve seg fram, åleine og saman med andre. Elevane skal få oppleve at det å prøve seg fram er ein del av det å lære eit språk. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i framandspråk. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevana kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i å forstå og gjere seg forstått på framandspråket i kjende og ukjende kommunikasjonssituasjonar, munnleg og skriftleg.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i framandspråk ved avslutninga av opplæringa på nivå II. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i framandspråk nivå II basert på den kommunikative og interkulturelle kompetansen til eleven, der munnleg og skriftleg formidlingsevne blir tillagde like stor vekt.