Kunst og handverk (KHV01‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Kunst og handverk er eit sentralt fag for praktiske ferdigheiter, kreativitet og refleksjon over visuell og materiell kultur. Gjennom å delta i estetiske prosessar skal elevane få erfaring med å førestille seg det som enno ikkje er, og eit grunnlag for å medverke i kultur- og samfunnsutvikling. Faget skal førebu elevane på eit kvardags- og arbeidsliv som stiller krav om innovasjon, praktiske ferdigheiter og evne til å gjere estetiske og etiske val. Samarbeid med lokalt kultur- og næringsliv skal bidra til å knyte det skapande arbeidet elevane gjer, til aktuelle problemstillingar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Skaparglede, utforskartrong og ansvarleg medverknad er grunnleggjande verdiar for samfunnet og individet. Kunst- og kulturuttrykk løftar fram nye perspektiv og har betydning for den personlege utviklinga til den enkelte. Elevane skal få erfaring med eit variert spekter av norsk, samisk og internasjonal kunst, design og handverk. Felles referanserammer og toleranse for kulturelt mangfald blir skapt gjennom refleksjon over korleis identitet kjem til uttrykk i bilete, kunst, arkitektur og gjenstandar. Kunnskap om og erfaring med kunst- og handverkstradisjonar og immateriell kultur gir grunnlag for å forvalte og vidareutvikle kulturarv og ta vare på omgivnadene sine.