Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 10. trinn

  • utforske eigne moglegheiter til trening, helse og velvære gjennom leik, dans, friluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
  • trene på og utvikle ferdigheiter i varierte bevegelsesaktivitetar
  • øve på og gjennomføre danseaktivitetar frå ungdomskulturar og andre kulturar, og saman med medelevar skape og presentere dansekomposisjonar
  • reflektere over korleis ulike framstillingar av kropp i media og samfunnet påverkar bevegelsesaktivitet, kroppsidentitet og sjølvbilete
  • planleggje og gjennomføre bevegelsesaktivitetar som kan gjennomførast ved skadar eller sjukdom
  • bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar på ein slik måte at det kan medverke til framgang for andre
  • anerkjenne ulikskap mellom seg sjølv og andre i bevegelsesaktivitetar og inkludere alle, uavhengig av føresetnader
  • forstå fleire typer kart og digitale verktøy og bruke dei til å orientere seg i kjende og ukjende miljø
  • utføre varierte symjeteknikkar og kunne symje ein lengre distanse basert på eiga målsetjing
  • forstå og gjennomføre livberging i, på og ved vatn ute i naturen
  • forstå og gjennomføre livreddande førstehjelp
  • gjennomføre friluftsliv til ulike årstider, òg med overnatting ute, og reflektere over kva naturopplevingar kan ha å seie for ein sjølv og andre
  • vurdere risiko og tryggleik ved ulike uteaktivitetar, forstå og gjennomføre sporlaus og trygg ferdsel

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering