Matematikk 1–10 (MAT01‑05)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 4. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske og bruke målings- og delingsdivisjon i praktiske situasjonar
- representere divisjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
- utforske, bruke og beskrive ulike divisjonsstrategiar
- utforske og forklare samanhengar mellom dei fire rekneartane og bruke samanhengane formålstenleg i utrekningar
- modellere situasjonar frå sin eigen kvardag og forklare tenkjemåtane sine
- lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og finne praktiske situasjonar som passar til oppgitte rekneuttrykk
- utforske, beskrive og samanlikne eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar ved å bruke vinklar, kantar og hjørne
- bruke ikkje-standardiserte måleiningar for areal og volum i praktiske situasjonar og grunngi valet av måleining
- utforske og beskrive strukturar og mønster i leik og spel
- lage algoritmar og uttrykkje dei ved bruk av variablar, vilkår og lykkjer
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i matematikk. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget på 4. trinn når dei bruker formålstenlege strategiar og representasjonar i arbeidet med dei fire rekneartane og til å forklare tenkjemåtane sine. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei får bruke kunnskap og ferdigheiter til å løyse problem og utforske matematiske samanhengar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse i matematikk når dei undrar seg, stiller matematiske spørsmål, testar og bruker matematiske omgrep og forklarer og argumenterer for eigne løysingar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske matematikk gjennom å leike, vere kreative, undre seg og samtale om matematikk. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i rekning og talforståing. Elevane skal få høve til å prøve og feile. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i utforsking av ulike representasjonar og problemløysingsstrategiar og kompetansen sin i kommunikasjon med matematiske omgrep.