Vg1 naturbruk (NAB01‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg1 naturbruk handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om mennesket i møte med naturen, om lokale næringar, tradisjon og kultur og korleis dette bidreg til utvikling av identitet. Vidare handlar det om å gjere val som varetek helse og sikkerheit i ulike arbeidsoperasjonar, og om å bidra til folkehelsa gjennom helsefremjande produkt og tenester frå naturbruksnæringane.
Demokrati og medborgarskap
I vg1 naturbruk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å kunne møte eit arbeids- og yrkesfellesskap og å kunne forstå og delta i samfunnsdebatten om natur, ressursbruk og forvaltning. Vidare handlar det om å øve opp evna til å tenkje kritisk og handtere meiningsbrytingar og å vise respekt og toleranse i møte med andre menneske, kulturar og praksisar.
Berekraftig utvikling
I vg1 naturbruk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om miljømedvit og om klimaendringar, forureining og tap av biologisk mangfald, som naturbrukarane i framtida skal bidra til å motverke. Vidare dreier det seg om å vurdere miljøutfordringar i samarbeid med ulike næringsaktørar. Det handlar òg om å utforske og ta i bruk relevant teknologi for å bidra til ei berekraftig utvikling.