Naturfag FOV (NAT03‑01)
Kjerneelement
Naturfaglege praksisar og tenkjemåtar
Deltakarane skal oppleve naturfag som eit praktisk og utforskande fag og utvikle verdforståinga si frå eit naturvitskapleg og teknologisk perspektiv. Gjennom kjerneelementet naturfaglege praksisar og tenkjemåtar skal deltakarane møte uttrykksformene, metodane og tenkjemåtane i naturfaget. Naturfaga har eit spesielt språk og fagspesifikke måtar å tenkje på for å forklare og utforske fenomen og hendingar. Deltakarane skal få innblikk i korleis naturfaglege hypotesar, modellar og teoriar blir utvikla, og korleis desse bidreg til at vi kan forstå, forklare og endre den fysiske verda vår. Gjennom arbeid med naturfaglege praksisar og tenkjemåtar skal deltakarane òg styrkje evna si til nytenking og forståing av naturfagleg teori.
Oppbygging – byggjesteinane og systema i naturen
Deltakarane skal med utgangspunkt i eigne erfaringar reflektere over korleis alt i naturen heng saman, og korleis ulike system blir bygde, frå partiklar og celler til organismar og økosystem. Kjerneelementet skal bidra til deltakarane si forståing av at strukturar på partikkelnivå har noko å seie for større einingar, til dømes økosystem og klima, og styrkje deltakarane si evne til å sjå samanhengar i naturfag. Gjennom teoretiske og praktiske arbeidsformer skal deltakarane bruke eigne erfaringar og eiga nysgjerrigheit til å utforske teknologiske system, oppbygginga til kroppen og naturfaglege fenomen.
Endring – prosessar i natur og teknologi
Deltakarane skal utforske små og store endringar i stoff, organismar og omgivnadene. Dette inneber store og langsame forandringar, som utviklinga av livet på jorda, og raskare prosessar, som faseovergangar og dei ulike livsfaseendringane til menneskja. Kjerneelementet omfattar òg det å erfare og reflektere over korleis kunnskap er i stadig utvikling. Deltakarane skal med utgangspunkt i eigne erfaringar utvikle forståinga si av korleis ulike faktorar saman bidreg til endring. Kjerneelementet endring skal styrkje dei føresetnadene deltakarane har for å bruke kreativitet, naturfagleg språk og ulike former for samarbeid i møte med utfordringar som krev nye løysingar.
Innsikt – den naturfaglege medborgaren
Deltakarane skal vidareutvikle den naturfaglege innsikta si og styrkje rolla si som aktør i kvardagslivet, samfunnslivet og arbeidslivet. Dei skal lære om kropp og helse, biologisk mangfald, energi, stoffar og naturfaglege praksisar og tenkjemåtar. Gjennom dette skal deltakarane opparbeide seg erfaringar og eit omgrepsapparat som styrkjer grunnlaget for å delta i demokratiske prosessar, gjere berekraftige vurderingar og gjere gode helseval i eit livslangt perspektiv. Kjerneelementet handlar òg om at deltakarane skal finne, organisere, reflektere over og presentere naturfagleg informasjon og vurdere truverdet til ulike kjelder. Deltakarane skal utvikle denne kompetansen med utgangspunkt i naturfaglege erfaringar og kompetanse dei har frå ulike arenaer, og kunne nyttiggjere seg han vidare i opplæringa, arbeidslivet og samfunnslivet.
Språklæring i naturfag
Deltakarane skal utvikle språket og strategiane dei treng for å kommunisere, lære og nytte naturfag på ulike arenaer, med ulike formål og i eit livslangt perspektiv. Deltakarane utviklar denne kompetansen gjennom å reflektere over og systematisere erfaringar dei gjer seg med naturfaglege problemstillingar og situasjonar i og utanfor opplæringa. Dei skal få erfare at språkleg utforsking og utprøving blir verdsett, og at det å kunne kommunisere og gjere seg forstått i faget er viktigare enn formelt korrekt språk.
Å utvikle språket i naturfag inneber å samarbeide språkleg og fagleg om omgrepsinnlæring, kategorisering, fagtekstproduksjon og presentasjon av data. Den språklege kompetansen i naturfag går frå å kunne namngi og beskrive observasjonar og fenomen til å dele erfaringar og kunnskap om verda som omgir oss, på ein fagleg presis måte. Fleirspråklegheit fungerer som ei bru mellom forkunnskapar og nye erfaringar når deltakarane skal utvikle og vise naturfagleg kompetanse på norsk.