KRLE (RLE01‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i KRLE inneber å kunne lytte til, fortelje om, presentere og samtale om faglege emne, og å kunne argumentere for eigne synspunkt og ta ulike perspektiv. Munnlege ferdigheiter inneber òg å bruke fagspesifikke omgrep til å utforske, drøfte og reflektere over kunnskapsområda i faget. Munnlege ferdigheiter inneber dessutan å kunne uttrykkje ulike meiningar og argumentere for desse ved hjelp av filosofiske samtaleformer og filosofisk samhandling og refleksjon. Utviklinga av munnlege ferdigheiter går frå å kunne samtale om eit emne til å kunne presentere og drøfte komplekse faglege problemstillingar. Dette inneber i aukande grad å kunne bruke fagomgrep til å uttrykkje og vurdere eiga forståing. Munnlege ferdigheiter inneber òg å gradvis utvikle evna til å lytte til andre.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i KRLE inneber å kunne bruke skrift- og biletspråk til å kommunisere og til å utvikle kunnskap om religionar, livssyn og etikk. Ferdigheita omfattar òg å kunne utforske ulike syn og argumentere for og mot ulike standpunkt. Det omfattar òg å kunne bruke fagspesifikke omgrep i skriftleg arbeid og å kunne vurdere eiga læring i arbeid med faglege tekstar. Utviklinga av det å kunne skrive i faget går frå å kunne fortelje og beskrive til å kunne utforske faglege problemstillingar. Dette inneber at elevane i skriftlege arbeid gradvis tek i bruk fagspesifikke omgrep og ulike kjelder for å utvikle kompetanse til å vurdere eiga læring i arbeid med faglege tekstar.
Å kunne lese
Å kunne lese i KRLE inneber å oppleve og forstå ulike religiøse og filosofiske tekstar. Det omfattar òg å reflektere over og tolke tekstar, illustrasjonar, symbol og andre uttrykk. Vidare inneber det å samanlikne og systematisere informasjon og vurdere kjelder kritisk. Utviklinga av det å kunne lese i KRLE går frå å kunne forstå innhaldet i enkle tekstar til å kunne analysere og vurdere form og innhald i komplekse tekstar. Dette inneber i aukande grad å forstå fagomgrep og å kunne finne, bruke og vurdere ulike kjelder til informasjon.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i KRLE inneber å kunne bruke og forstå tidslinjer i møte med framstillingar av religionar og livssyn. Det inneber òg å forstå korleis statistikk og tabellar kan brukast. Utviklinga av det å kunne rekne i faget inneber i aukande grad å kunne forstå og reflektere over statistisk materiale og tabellar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i KRLE inneber å kunne bruke digitale ressursar i eige skapande arbeid. Det omfattar òg å kunne innhente informasjon om religionar og livssyn frå digitale kjelder og tolke og kritisk vurdere informasjonen. Utviklinga av digitale ferdigheiter i faget går frå å bruke enkle samansetningar av tekst, lyd og bilete til å kunne lage og vurdere samansette digitale produkt for framstilling av faglege tema. Digital dømmekraft blir utvikla gradvis gjennom aukande grad av etisk refleksjon over korleis digitale ressursar blir brukte.