Røyrleggjarfaget (RLF03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje installering av røyrleidningar etter teikningar og beskrivingar ved å bruke ulike prosjektverktøy, arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og toleransekrav og reflektere over konsekvensar av ikkje å følgje krava
- utarbeide framdriftsplanar, bestille og motta materiale og utstyr og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
- risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og iverksette tiltak
- velje og bruke materiale, verktøy og maskiner til ulike formål og reflektere over konsekvensane for kvalitet, funksjonalitet, miljø og ressursbruk
- utføre grunnleggjande førstehjelp
- følgje regelverket for arbeid i høgda og vurdere bruk av sikringsutstyr
- velje og bruke ulike produkt og drøfte korleis vala bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
- gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, dokumentere eige arbeid og handtere avvik
- bøye og føye saman røyr av ulike materiale og velje eigna samanføyingsmetode og verktøy etter eigenskapane til materialet
- utføre enkel isolering av røyranlegg, vurdere faktorar som bidrar til energisparing og velge eigna isolering
- beskrive kva type branntetting som eignar seg for røyrleidningar gjennom brannskilje, og setje i verk tiltak
- utføre trykkprøve og tettleiksprøve, vurdere korleis trykkprøvingsmetode påvirker sikkerheiten og setje i gang aktuelle røyrinstallasjonar etter gjeldande prosedyrar
- bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
- beskrive korleis eit trykkluftsystem er bygd opp
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp, reflektere over konsekvensane av kroppsbelastning, støy og støveksponering og sette iverk tiltak
- bruke arbeids-, verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
- vurdere ulike preaksepterte løysingar og byggje røyranlegg i samsvar med den valde løysinga
- prosjektere komplette innvendige og utvendige sanitæranlegg ved å bruke bransjerelaterte manuelle og digitale teikneverktøy
- dimensjonere røyr for spillvatn, overvatn og vatn, leggje røyr, montere sanitærutstyr og dokumentere arbeidet
- nytte reglane for tilkopling til kommunale spillvass-, overvass- og vassleidningar og vurdere løysingane ut frå regionale forhold
- vurdere ulike energikjelder for vassborne anlegg og prosjektere og montere ein enkel vassboren energiinstallasjon
- gjere greie for ulike sprinklaranlegg og manuelle vassborne sløkkjemetodar for brann og montere eit sprinklaranlegg etter teikningar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 røyrleggjarfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 røyrleggjarfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.