Reinhaldsoperatørfaget (ROF03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål 

  • planleggje reinhald av bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel arbeidet etter teikningar og beskrivingar ved bruk av ulike planleggingsverktøy, arbeide i samsvar med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og reflektere over konsekvensane ved å ikkje følgje krava
  • utarbeide arbeidsplaner, bestille og motta utstyr og kjemikalie og kontrollere kvalitet og mengde i tråd med arbeidsoppgåva
  • risikovurdere metodar, kjemikalium og utstyr, gjere greie for korleis arbeidsoppgåvane påverkar kostnadseffektivitet, materiale og ytre miljø, og reflektere over feilhandtering
  • gjennomføre ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og halde ved like maskiner og utstyr
  • gjere greie for og nytte kvalitetssikringssystem, arbeide etter fastsette kvalitetskrav og dokumentere eige arbeid
  • fastsettje og bedøme reinhaldskvalitet i tråd med gjeldande standarder og kvalitetssystem
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i reinhaldsoperatørfaget, og gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og reflektere over krav og forventingar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, handtere helsefarlege kjemikalium og spesialavfall og reflektere over konsekvensane av feilhandtering
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av arbeidsbelastningar og skadeforebyggjande tiltak
  • arbeide i tråd med berekraftige og miljømessige prinsipp og reflektere over konsekvensar av støveksponering og bruk av kjemikalium
  • velje og bruke verne- og smittevernutstyr for arbeidsoppgåva og vurdere konsekvensane ved feilbruk
  • gjere greie for ulike overflatemateriale og vurdere korleis reinhaldsmetodar og reinhaldsmiddel påverkar overflatene
  • velje og bruke maskiner, utstyr og metodar etter reinhaldsbehov og vurdere dette opp mot kostnadseffektivitet, tidsbruk og miljøbelastning
  • utarbeide reinhaldsplanar, arbeidsplanar og arbeidsbeskrivingar og reflektere over val av frekvens, kvalitet og metode
  • bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
  • vurdere smitterisiko, arbeide i samsvar med gjeldande regelverk for smittevern og gjere greie for smittespreiing og korleis smittekjeder kan brytast
  • utføre regelmessig og periodisk reinhald av ulike overflater på inventar, vegger, golv og himlingar i kjende og ukjende situasjonar, i tråd med kvalitetskrav og sikre innemiljøet
  • utføre reinhald i ulike fasar av byggjeperioden etter gjeldande regelverk og vurdere korleis dei ulike fasane påverkar valet av reinhaldsutstyr og arbeidsmetodar
  • identifisere ulike typar smuss, gjere greie for og bruke ulike kjemikalium for å fjerne smuss og utføre reinhald
  • gjere greie for ulike typar fasadereinhald
  • utføre grunnleggjande førstehjelp

Undervegsvurdering