Samfunnsfag (SAF01‑04)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 4. trinn

  • utforske og presentere samfunnsfaglege spørsmål, søkje etter informasjon i ulike kjelder og vurdere kor nyttig informasjonen er til å belyse spørsmåla
  • utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis vi lever i dag
  • beskrive kultur- og naturlandskap i Noreg og samtale om korleis historiske og geografiske kjelder, inkludert kart, kan gi informasjon om landskap
  • samtale om kvifor det oppstår konfliktar i skule- og nærmiljøet, lytte til andre si meining og samarbeide med andre om å finne konstruktive løysingar
  • presentere menneskerettar og rettar barn har, og reflektere over kvifor desse rettane finst
  • presentere årsaker til at samane har urfolksstatus i Noreg, og beskrive forskjellige former for samisk kultur- og samfunnsliv før og no
  • utforske og gi døme på nokre sider ved berekraftig utvikling
  • reflektere over samanhengen mellom personleg økonomi og forbruk hos den enkelte
  • samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet
  • samtale om reglar og normer for personvern, deling og beskyttelse av informasjon og om kva det vil seie å bruke dømmekraft i digital samhandling
  • samtale om grenser knytte til kropp, kva vald og seksuelle overgrep er, og kvar ein kan få hjelp dersom ein blir utsett for vald og seksuelle overgrep
  • reflektere over kven som har makt, og kva eit demokrati er, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å påverke avgjerder
  • samtale om nokre viktige offentlege institusjonar og verksemder i Noreg og reflektere over kva dei betyr i livet til menneska

Undervegsvurdering