Vg3 service- og administrasjonsfaget (SOA03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 service- og administrasjonsfaget handlar om å koordinere og utføre administrative driftsoppgåver. Vidare handlar faget om å tilpasse informasjon og kommunikasjon til ulike brukarar, medarbeidarar og leiarar i ei verksemd. Basert på måla og kjerneoppgåvene til verksemda skal faget bidra til å utvikle administrative tenester som dekkjer behova til brukarane, verksemda og samfunnet. Faget skal bidra til å utdanne sjølvstendige og omstillingsdyktige service- og administrasjonsarbeidarar som planlegg, gjennomfører, dokumenterer og vurderer eige arbeid, og som kan bidra til ei effektiv og berekraftig drift av verksemder.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 service- og administrasjonsfaget skal bidra til at lærlingane utviklar forståing for individet og for kulturelt mangfald. Faget skal ruste lærlingane til å møte og samhandle med ulike kundar, brukarar, kollegaer og samarbeidspartnarar på ein respektfull måte. Vidare skal faget bidra til at lærlingane får kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om kor viktig det er med trepartssamarbeidet, der arbeidsgivarar, arbeidstakarar og styresmakter jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv.