Kva skjer med medlemsbedrifter i opplæringskontor når ny opplæringslov trer i kraft?

Etter ny opplæringslov § 7-12 vil opplæringskontor reknast som samarbeidsorgan for lærebedrifter.

Det betyr at alle bedrifter som har status som medlemsbedrifter i dag må godkjennast som lærebedrift av fylkeskommunen, dersom dei skal kunne inngå nye lærekontraktar etter 1. august 2024.

Dagens medlemsbedrifter er allereie vurderte av yrkesopplæringsnemnda, og dei er godkjende av fylkeskommunen med dei krava som blir stilte til lærebedrifter. Dei bedriftene som ikkje allereie har ein fagleg leiar, må ved godkjenninga oppgi kven som skal vera fagleg leiar etter § 7-6. Me gjer merksam på at instruktør og fagleg leiar etter ny opplæringslov kan vera same person.

Fylkeskommunane bør kontakta yrkesopplæringsnemnda for å avklara om dei skal leggja tidlegare godkjenning til grunn. Godkjenninga vil framleis kunna byggja på avtale om at delar av opplæringa skal skje i ei anna lærebedrift.

Kva skjer med lærekontraktar som er inngått med opplæringskontor før ny opplæringslov trer i kraft?

Viss ein lærekontrakt er inngått med eit opplæringskontor før 1. august 2024 kan opplæringskontoret vera lærebedrift for den som får opplæring i bedrift ut deira kontraktstid. Den nye opplæringslova vil elles gjelda for desse kontraktane.