Forskrift til privatskolelova
§ 2A-11 Tilbod om fag frå vidaregåande opplæring til elevar på ungdomstrinnet
Elevane i grunnskolen skal følgje opplæringa i alle fag slik det er fastsett i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Dette gjeld likevel ikkje fullt ut for elevar på ungdomstrinnet som har tilstrekkeleg kompetanse i grunnskolefaga til å følgje opplæring i eit eller fleire fag på vidaregåande nivå i samsvar med dei læreplanane skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. På vidaregåande nivå kan elevar på ungdomsstrinnet ta fellesfag og programfag, som byggjer på fag i grunnskolen. Dagleg leiar gjer enkeltvedtak om at eleven på ungdomstrinnet skal ta eit eller fleire fag i vidaregåande opplæring. Statsforvaltaren er klageinstans. Før dagleg leiar gjer enkeltvedtak, skal det innhentast samtykke frå eleven eller foreldra til eleven.
Eleven skal ha undervegsvurdering og sluttvurdering etter kapittel 3 i faget både på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. For trekk til eksamen i grunnskolen gjeld § 3-26 tredje ledd.
Elevar som følgjer opplæring på vidaregåande nivå etter første ledd, kan også ta i bruk timane til valfag og inntil 60 % av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.
Tilføyd ved forskrift 19 juli 2012 nr. 753 (i kraft 8 aug 2012), endra ved forskrifter 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021), 15 juni 2022 nr. 1056, 14 nov 2022 nr. 1959.