Opplæringslova
§ 4A-3 Rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring for vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, har òg rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett.
Vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter første leddet.
I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har dei vaksne rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen.
Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde vaksne som får vidaregåande opplæring, med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Vaksne som får vidaregåande opplæring, kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift. Fylkeskommunen kan påleggje vaksne som får vidaregåande opplæring, å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmare forskrifter.
Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis. Personar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, skal få vurdert realkompetansen sin om dei blir vist til dette av kommune eller Arbeids- og velferdsetaten. Departementet kan gi nærmare forskrifter.
Fylkeskommunen skal gi kompetansebevis på grunnlag av realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings nivå. Departementet kan gi nærmare forskrifter.
Den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten etter § 3-1 første ledd, har etter søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse. Det same gjeld andre som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen av det året dei fyller 24 år. Retten gjeld dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014, eller seinare. Retten kan takast ut når som helst etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring.
Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Vaksne som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til opplæring etter denne paragrafen.
Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000 iflg. res. 30 juni 2000 nr. 645), endra med lover 14 mars 2003 nr. 17, 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 758), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 621), 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014 iflg. res. 20 juni 2014 nr. 842), 9 juni 2017 nr. 37 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 712).
Tolkningsuttalelser
Oppdragsundervisning - elevstatus og standpunktkarakterer
Spørsmål om forkurs i norsk og engelsk i voksenopplæringen
Om rett til grunnopplæring for personer med begrenset oppholdstillatelse
Opplæringsloven § 3-1 første ledd annet punktum - ikke-godkjent utenlandsk utdanning
Grunnskoleopplæring og videregående opplæring for voksne
Alternativ supplerende kommunikasjon (ASK) - Avklaring av ansvar mellom utdanningssektoren og NAV
Fylkeskommunens ansvar for videregående opplæring av voksne
Rett til videregående opplæring og trekkordning til eksamen i videregående opplæring for voksne
Inntakskrav til videregående opplæring for voksne - fylkesmannens kompetanse til å behandle klager
Realkompetanse i videregående opplæring for personer under 25 år
Realkompetansevurdering av voksne