Den kjekkaste leiken

Det er verken dyrt eller komplisert å leggje til rette for den leiken barna liker best.

Når viser barna mest trivsel i uteleiken? Det ønskte forskarar i forskingsprosjektet «EnCompetence» å finne ut, og dei ville spesielt sjå på situasjonar med fysisk aktivitet.

– Vi veit det er bra for barn å bevege kroppen, både fordi dei har lyst til det, og fordi det legg grunnlaget for ein aktiv livsstil. Men vi meiner at korleis barna opplever fysisk aktivitet, er viktigare enn akkurat kor mykje dei beveger seg, seier Ole Johan Sando, førsteamanuensis ved høgskulen Dronning Mauds Minne.

I prosjektet leitte Sando og kollegaene derfor etter situasjonar der barn både var fysisk aktive og opplevde høg trivsel. Gjennom å filme barnehagebarn over tid prøvde dei å finne ut kva som kjenneteikna desse situasjonane. Totalt 73 barn frå ulike barnehagar var med, og snittalderen var fire år.

Må tilby eit mangfald

Barna i forskingsprosjektet viste generelt stor trivsel ved fysisk leik, som når dei klatra i tre, sprang og jaga kvarandre eller leikeslost. Men det var også ein del konstruksjonsleik og rolleleik som innebar mykje bevegelse, og der viste barna høg trivsel.

«Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom lek – alene og sammen med andre.»
Rammeplan for barnehagen

– Barn er ulike, og derfor er det viktig å leggje til rette for eit mangfald av leik, meiner Sando.

Forskarane såg dessutan variasjonar i kva type stader barna leikte på, og kva objekt dei tok i bruk. Til dømes blei klatrestativ brukte til både klatring og rolleleik. I eit anna tilfelle blei tolv plastboksar plasserte ved ei sklie der leiken gjekk føre seg, og barna brukte boksane både til å hoppe på og til ein slags «heim» dei kunne krype inn i.

I alle desse tilfella viste barna høg trivsel, noko som innebar ein toppskår i manualen Leuven wellbeing scale, som var kartleggingsverktøyet forskarane brukte. Barna viste då teikn til å ha det bra, til dømes fordi dei verka avslappa og lo. To forskarar analyserte videoane uavhengig av kvarandre; den eine hadde vore til stades i barnehagane over tid og blitt kjend med barna.

Vatn, sand og bruskasser

– Det er utfordrande å måle trivsel, for barn er svært ulike i korleis dei uttrykkjer at dei har det bra. Var vi ueinige, måtte vi diskutere klippet på nytt, men stort sett var vi einige, seier Sando.

Forskarane såg også at høg trivsel slett ikkje treng å koste mykje pengar. Med materiale som vatn, sand, plankar og bruskasser, såkalla udefinerte materiale, kunne barna halde det gåande lenge.

– Det er grenser for kor lenge ei sklie er spennande. Når barn har tilgang på ulike materiale, kan dei bruke det på så mange måtar.

Kvart sjette barn fall utanfor

Prosjektet hadde to delar. I den eine blei videoar med høg trivsel analyserte i djupna. I den andre tok forskarane føre seg alle videoklippa. Her undersøkte dei mellom anna korleis trivselen og aktiviteten til barna varierte.

Eit viktig funn i den andre delen var at nokre barn heilt mangla episodar der fysisk aktivitet og trivsel var til stades på same tid. Dette gjaldt om lag kvart sjette barn, eit tal som stemmer overeins med funn gjort i studiar med andre målemetodar, ifølgje Sando.

– Nokre av barna fell utanfor. Dei engasjerer seg ikkje så mykje i leiken av seg sjølve. Der har personalet ein viktig og krevjande jobb i å følgje med på leiken og fange opp dei det gjeld.

Leiken med andre barn

Eit anna tydeleg funn var at barn viste meir trivsel i fysisk aktivitet når dei var saman med andre barn. Kor vidt det var personalet til stades, påverka ikkje trivselen merkbart.

– Den sosiale leiken er viktig. Det er rett nok meir naturleg å vere ekspressiv og vise at du trivst når du er saman med andre, men vi ser også at dei barna som er åleine, ofte går rundt og leiter etter noko å gjere, seier Sando.

Barnehageforskaren løftar også fram at den leiken som barna liker, kan gå på tvers av det dei vaksne liker. Mange av videoobservasjonane som viste høg trivsel og fysisk aktivitet, var frå risikofylt leik, som klatring i tre, leikeslåsting eller rask sykling ned ein bratt bakke.

Personalet frykta skadar

I videoane såg forskarane fleire døme på at personalet opplevde leikeslåsting som utfordrande.

– Personalet er nok urolege for at barn skal skade kvarandre, eller at det skal føre til aggresjon. Men slik slåsting er ein form for leik som både gir barn glede og verdifulle erfaringar, mellom anna ved at dei lærer seg å tolke kroppsspråk.

Å la barn få ta risiko kan også vere ein måte å gi barna gode erfaringar med fysisk aktivitet på, legg Sando til.

–Vi må prøve å leggje til rette for eit vidt spekter av leik i barnehagar sine uteområde, både fordi barna liker det, og fordi det kan gi dei store gevinstar på sikt.

Tips frå forskaren