Klar – Ferdig – Skolestart

Kva tid byrjar skolestart for barna i barnehagen? Den svenske forskaren Helena Ackesjö har følgt ei rekkje barn tett i førebuingane til skolen, og ho har sett korleis barn skapar forventningar til skolen lenge før første skoledag – med skolebesøk og skoleliknande aktivitetar.


Pultane står på rekkje og rad, bøker er stabla i tårn. Barna smiler, og sola skin. Stina har teikna sitt bilete av skolen.

«Kva trur du de skal gjere på førskolen? Kva er det ein gjer der?» spør den svenske forskaren Helena Ackesjö, og peikar på Stinas teikning.

«Vi les,» seier Stina. «Og gjer matematikk og reknar... og pluss og minus.» «Og pluss og minus? Gler du deg til å byrje på førskolen?» spør Helena. Stina nikkar stadfestande: «Mmm.»

Helena Ackesjö har i si doktoravhandling undesøkt overgangen frå barnehage og førskole til skole. Undersøkinga viser at barna har oppfatningar om kva det vil seie å gå på førskolen allereie før sitt første skolebesøk.

Forventingane kjem tydeleg fram i teikningane til barna – klasserom på rekkje og rad, pultar og stablar med bøker.

– Før vi hadde vore på det første skolebesøket, snakka barna om skole som hardt arbeid med prøver og lekser; dei skulle lære mykje. Det er interessant, spesielt med tanke på at førskolen skal vere ein mjuk overgang. Det var ikkje det barna venta. Dei venta seg høgre krav og vanskelegare oppgåver – og tydelege forskjellar mellom barnehage og skole. Men det handlar også mykje om det fysiske rommet; den store skolen og høge klatrestativ, kantine – ting ein ikkje har i barnehagen, seier Ackesjö.

 

 

En sirkelforma prosess

Som ein del av førebuingane besøkte dei komande skolebarna skolen fleire gonger året før skolestart. Dei var på uformelle besøk, der dei til dømes leika på leikeplassen på skolen eller åt i kantina, og på meir formelle besøk på førskolen, der dei møtte dei nye lærarane, og gjorde skoleliknande aktivitetar. Barna skapar her ei grense mellom det gamle i barnehagen og det nye på skolen, men omdannar også opplevingane og forventningane sine til førskolen.

Ifølgje Ackesjö blir skoleførebuingane med besøka på skolen ein sirkelforma eller spiralforma prosess.

– Ein kan ikkje sjå på overgangen frå barnehage til førskole som ein lineær prosess der barnet berre går over ei grense, frå ein stad til ein annan. Det er mange ulike faktorar og hendingar som gjer at barnet byrjar å reflektere over seg sjølv som komande skoleelev, og over forskjellane på barnehage og skole. Dette skjer blant anna når ein snakkar om skolestart, når barna stiller spørsmål, og når ein besøkjer skolen og kjem attende til barnehagen og diskuterer det ein har opplevd. På den måten blir overgangen ein sirkelfoma og spiralforma prosess, seier ho.

 

«– Barna skal forstå at skolestart også inneber ei avslutning, og at dei skal forlate barnehagen. Forstår dei dette, er dei godt skodde til å handtere den overgangen det er å byrje på skolen.»

 

 

Skolestart er også en avslutning

Besøka betyr likevel ikkje at alle barn forstår kva overgangen verkeleg inneber. Derfor er det viktig at pedagogane fortel barna kva som er føremålet og meininga med dei forskjellige aktivitetane.

– Barna besøkte skolen, og forstod at dei skulle byrje på førskolen etter sommarferien, men det var ikkje alle barna som forstod at det samstundes innebar 'ha det bra' til barnehagen, fortel Ackesjö.

Ho meiner det er behov for meir gjennomsiktige overgangsaktivitetar, slik at barna kan sjå føremålet med ein aktivitet.

– Ein kan jobbe mykje meir med å gi barna ei forståing av at dei er på veg inn i ei anna verd enn barnehagen – den verda dei har kjent til no, seier Ackesjö.

Pedagogane kan til dømes snakke med barna om at skolestart også inneber at dei skal slutte i barnehagen, og dei kan lage fleire avslutningsaktivitetar enn den siste avskilsfesten som nokre allereie held. Ifølgje Ackesjö kan det gi god meining å gjere avslutninga tydeleg både i uformelle samtalar ved bordet under føremiddagsmaten, og ved meir formelle rituelle og symbolske handlingar og hendingar.

– Barna skal forstå at skolestart også inneber ei avslutning, og at dei skal forlate barnehagen. Forstår dei dette, er dei godt skodde til å handtere den overgangen det er å byrje på skolen, seier ho.

 

 

Samarbeid på tvers

Ackesjö meiner det er viktig at skoleførebuingane er eit samarbeid på tvers. Ho føreslår derfor å skape fleire plattformer der pedagogar og lærarar kan møtast.

– Pedagogane kan beskrive kva dei har gjort i barnehagen slik at ein kan jobbe vidare med det på førskolen. På denne måten blir det også mogleg å tilpasse undervisninga og gjere ho meir utfordrande for barna. I undersøkinga mi ser eg at når elevane byrjar i 1. klasse, så skal dei byrje på nytt med oppgåver dei allereie har gjort i barnehagen og på førskolen. Det kunne vore unngått dersom ein snakka saman, fortel Ackesjö.

Ho peikar på at det kan vere vanskeleg å skape felles plattformer fordi barnehagen og skolen er ulikt organiserte, dei har ulike arbeidsvilkår, og er ofte fysisk skilde frå kvarandre. Men om sjølve bodskapen seier ho:

– Det er ganske enkelt, eigentleg. Det handlar om å setje seg ned og snakke, lærarar i barnehage og skole seg imellom. Dersom det var fleire felles plattformer for lærarar og pedagogar, kunne ein lette samarbeidet veldig mykje, og på den måten gjere overgangen lettare og betre for barnet.