Kompetente barn, kreative vaksne

Då Kristina Walldén Hillström undersøkte den digitale aktiviteten i svenske barnehagar, blei ho djupt imponert – særleg over personalet.

Forskar Kristina Walldén Hillström har sjølv jobba mange år som barnehagelærar. Då sakna ho meir kunnskap om korleis ein kan ta i bruk digitale verktøy, som nettbrett, i barnehagen.

– Mellom anna lurte eg på korleis eg skulle setje i gang digitale aktivitetar, og også korleis eg kunne integrere den digitale bruken med andre kvardagslege aktivitetar, fortel Hillström, som er universitetsadjunkt ved høgskulen i Gävle.

I forskinga si undersøkte ho bruken av digitale medium i to svenske barnehagar.

– Å organisere bruken av digitale verktøy på ei barnehageavdeling er ei kompleks oppgåve. Her blei eg djupt imponert over personalet, seier Hillström.

Frå «surfplattor» til «lärplattor»

I den eine barnehagen fekk barna først drive med digitale aktivitetar på eiga hand, men det var ofte personalet som bestemte kven som skulle få ta del.

I den andre barnehagen hadde barnegruppa berre tilgang til eitt nettbrett, og det brukte dei til språkutvikling, mellom anna gjennom filmproduksjon. Hillström analyserte arbeidet til ei gruppe barn som laga film om eventyret Snøkvit.

Ho følgde med på aktivitetane ved å gjere videoobservasjonar gjennom åtte månader. 28 barn mellom tre og fem år var med i studien, i tillegg til fire barnehagelærarar.

Forhandlingar tok tid

Ho såg tidleg at digitale aktivitetar er ein kompleks sosial aktivitet. I avdelinga der barna først fekk drive med aktivitetar på eiga hand, brukte dei mykje tid på å prøve å få tilgang mens andre barn spelte. Talet på brett var avgrensa.

– Eg såg at barna tilpassa seg dei føresetnadene som gjaldt. Dei utvikla ei rekkje ulike strategiar for å få tilgang på nettbrett som blei brukt av andre. Til dømes brukte dei humor, eller dei tilbaud seg å hjelpe, fortel Hillström.

I eitt tilfelle sette Erik seg i sofaen saman med Tim, som spelte (dialogen er omsett frå svensk):

Kreativitet blant personalet

Då denne barnehagen gjekk over til at personalet deltok i aktivitetane saman med barna, trong ikkje barna lenger å forhandle om kven som skulle få tilgang. Reglane blei bestemte av personalet i starten, såg Hillström.

Resultata viste også at personalet var kreative i korleis dei la opp arbeidet med digitale medium, påpeikar ho.

– I avdelingane eg studerte, tilpassa personalet heile tida arbeidet til barnehagens planar. Dei diskuterte seg imellom og prøvde å forstå korleis dei på best mogleg vis kunne integrere nettbretta i dei kvardagslege aktivitetane.

Sidan ho sjølv har jobba som barnehagelærar, veit ho at det trengst ein heil del kreativitet i yrket.

– Likevel blei eg djupt imponert av kor oppfinnsame og kreative personalet var. Det er noko som verkeleg gjennomsyrar resultata mine, seier ho.

Filmproduksjon i barnehagen

Denne kreativiteten såg ho også i den andre barnehagen, som brukte nettbrettet til å lage film. Då ei gruppe barn skulle lage film om Snøkvit, tok barnehagelæraren utgangspunkt i noko dei hadde gjort mange gonger før på avdelinga, nemleg høgtlesing.

– I starten fekk barna tenkje på filmen som ei forteljing. Men denne gongen var det dei sjølve som skulle fortelje, forklarer Hillström.

«Ved bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal dette støtte opp om barns læreprosesser og bidra til å oppfylle rammeplanens føringer for et rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn. Ved bruk av digitale verktøy skal personalet være aktive sammen med barna.»
Rammeplan for barnehagen

Barnehagelæraren gjorde barna merksame på at det no var filmmediet dei heldt på med, og han rettleia dei i å lage eit manus saman. Når han skreiv ned manus basert på det barna sa, gjorde han subtile gestar – som å peike med pennen på det nedskrivne – og rettleia slik barna til å orientere seg mot arbeidet. Eit liknande mønster, med ei forsiktig, men effektiv rettleiing, såg Hillström i heile prosessen med å skape film.

Kompetente barn

Også barna var kreative og kompetente. I filmarbeidet forstod dei til dømes korleis dei skulle skape ei forteljing med ei byrjing, ein midtdel og ein slutt.

– Dei viste også visuelle ferdigheiter. Dei forstod mellom anna korleis karakterane i filmen og andre objekt skulle plasserast for å synast i kamera.

Til og med animasjon viste barna ei forståing for, sjølv om dette er svært abstrakt og vanskeleg for barn, ifølgje Hillström. Barnehagelæraren la ned mykje tid og engasjement for å hjelpe barna å forstå animasjonsverktøyet og prinsippa bak.

Også i den andre barnehagen viste barna ei breidde av kompetansar. Dei klarte å handtere teknologien, dei forstod korleis objekt skulle dragast over skjermen med fingeren, og i kva rekkjefølgje ting skulle skje.

Men korleis personalet organiserer dei digitale aktivitetane, har mykje å seie for korleis aktivitetane blir gjennomførte, noko som blei tydeleg i den barnehagen som endra strategi og gjekk over til å bruke digitale verktøy saman med barna.

– Dei rammene, reglane og forventningane barn møter, betyr mykje, både for den digitale praksisen og for samspelet mellom barna, seier Hillström.

Namna på barna i teksten er fiktive.

Tips frå forskaren