Kunsten å involvere seg

Personalet i norske småbarnsavdelingar involverer seg i samspelet til barna på ein god måte, ifølgje forskar Ellen Os. Men ho finn også rom for betring.

Alex, eitt og eit halvt år, og Marie, to år, sit ved sida av kvarandre og ristar fort på hovudet mens dei ler. Plutseleg slår Alex mot Marie. Ein tilsett seier: «Alex, slutt!» og tar bort armen hans. Leiken mellom barna er over.

Dette er ein av episodane førsteamanuensis Ellen Os ved OsloMet fanga på video då ho i timevis filma frå småbarnsavdelingar i norske barnehagar.

– Det er rett og rimeleg at personalet stansar Alex når han prøver å slå Marie. Men hadde den tilsette også hjelpt barna til å halde fram med det som i utgangspunktet var ein morosam leik, ville det ha vore endå betre, meiner Os.

I doktorgraden sin har ho sett på korleis personalet i småbarnsavdelingar involverer seg i samspelet som barn har med jamaldringar, såkalla mediering. Dette gjer personalet ofte, nærmare bestemt 1,6 gonger per minutt, ifølgje analysane til Os.

– Det finst mange døme på god mediering, men på nokre område ser eg også at personalet kan gjere ting betre.

Leik, synleggjering og regulering

Stadig fleire eittåringar har begynt i barnehagen dei siste tjue åra, noko som har ført til stor etterspurnad etter kunnskap om dei yngste barnehagebarna, og etter ein praksis tilpassa aldersgruppa, ifølgje Os.

Sjølv undersøkte ho handlingane til personalet ved ni småbarnsgrupper frå like mange barnehagar. Forskingsmaterialet hennar består av om lag 33 timar med videoopptak frå måltid, fri leik og andre kvardagssituasjonar. Ein tredjedel av materialet inneheldt episodar der personalet involverte seg i jamaldringsrelasjonane til barna. Desse blei transkriberte og analyserte.

Os fann at det er tre typar involvering som oftast skjer. Den eine er at personalet involverer seg i leik, den andre at personalet synleggjer barn for andre barn, og den tredje at dei regulerer barna sitt jamaldringssamspel. Synleggjering betyr å gjere barna merksame på kvarandre, til dømes ved å fortelje eit barn at eit anna barn «ville berre kose». Regulering inneber at ein prøver å endre eller fremje ei handling av omsyn til andre barn, til dømes dersom barna er ueinige om kven som skal få ha ei leike.

««Barnehagen skal aktivt legge til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap.»»
Rammeplan for barnehage

Å la barna få definere

Involvering i leik var det som skjedde hyppigast i situasjonar med fri leik. Dette kunne skje på fleire måtar, som at personalet var passive tilskodarar som greip inn når dei måtte, at dei tok aktivt del i leiken, eller at dei tilbaud leikemateriell.
Eit av opptaka fanga ein tilsett som leika lenge med ei gruppe på rundt tolv barn.

Ei slik open tilnærming er eit døme på det Os kallar indirekte mediering. Dette gir barna moglegheit til sjølve å definere og utvikle eigen leik. Det motsette er direkte mediering, noko som kan bety å definere leiken, men det kan også bety at personalet gir korte beskjedar om kva barna skal eller ikkje skal gjere. I fleire videoklipp førte dette til at felles leik blei stansa, som i dømet med Alex og Marie.

«Kva skjedde her?»

I barnehagekvardagen trengst det både direkte og indirekte mediering, påpeikar Os. Men ho trur at hyppigare indirekte mediering kan ha nokre fordelar. Då blir barna inviterte til sjølve å uttrykke opplevingane, kjenslene og handlingane sine eller til å komme med forslag og finne løysingar.

– For små barn vil opne spørsmål ofte vere vanskelege, men ein kan prøve seg fram. I ein konfliktsituasjon kan ein til dømes stoppe opp og spørje «kva skjedde her?» eller «kva skal vi gjere med det?».

«Småbarn er ofte meir kompetente enn vi trur»

I eit av videoklippa prøvde ein i personalet å mekle mellom barn som var ueinige om kor mange som fekk vere på ei madrass. Ein toåring kom og ville hjelpe til. Den tilsette trekte seg tilbake, og guten ordna opp.

– Her var ein frå personalet til stades og følgde med, men gjorde det samtidig mogleg for barna å utøve og utvikle sin eigen kompetanse. Småbarn er ofte meir kompetente enn vi trur, seier Os.

Å snakke til barna som gruppe

I materialet sitt såg Os at personalet på småbarnsavdelingar ofte snakkar til eitt og eitt barn. Men i dei tilfella dei orienterte seg mot barna som gruppe, kunne noko skje.

– Personalet gir då barna meir ansvar. Samspela blir opnare, og fleire blir inkluderte. Dette er eit tema som verkeleg har blitt aktuelt dei siste åra i småbarnsforskinga, både nasjonalt og internasjonalt, og som eg ser tydeleg også i mi forsking, seier ho og legg til:

– Barna skal òg knyte seg til dei vaksne. Men blir det for mykje ein-til-ein-snakk med dei små barna, kan det avgrense moglegheitene for utvikling av fellesskap, felles meiningsdanning og felles læring. Ved å rette seg mot grupper av barn kan barna i større grad forstå samanhengar og konsekvensar som eigne handlingar får for andre barn, seier Ellen Os.

Namna på barna i teksten er fiktive.

Tips frå forskaren