Slik vekkjer dei songen til live

«Eg kan ikkje syngje», tenkjer personalet. Men eitt ord kan forklare kvifor personalet i nokon barnehagar syng av full hals likevel.

Til og med personale i barnehagar med musikkprofil føler at dei ikkje strekkjer til, fortel Kirsten Halle, forskar ved Universitetet i Stavanger.

– Dei skammar seg over songstemma si og tenkjer at ein må ha talent for å kunne syngje.
Som musikkforskar har ho møtt hundrevis av studentar og tilsette i barnehagar og skular.

– I både barnehagar og skular seier personalet ofte at «å syngje, det kan dei flinke gjere». Kanskje syng dei når dei er åleine med barna, men så snart det kjem inn ein annan frå personalet eller ein forelder, blir dei flaue.

Då ho og kollega Nora Bilalovic Kulset nyleg intervjua åtte tilsette i ein musikkbarnehage, såg dei at også desse hadde ei negativ oppfatning av eigne musikalske evner. Likevel song dei: på personalmøte, foreldremøte, påske- og sommarsamlingar. Korleis fekk dei det til?

Eit språk vi gøymer

Jon-Roar Bjørkvold, professor emeritus i musikkvitskap, har skrive at vi alle er fødde med ein musikalitet. I mors liv har vi nemleg lytta til stemma og hjarteslaga til mor, og hjernen vår kan ta imot musikken i språket og songen.

Sjølv underviser ho barnehagelærarar. Desse tar ti studiepoeng i musikk. Når ho får nye studentkull i klasserommet, bruker ho å spørje dei kor mange som kan syngje. Kanskje rekkjer tre eller fire – av 150 – opp handa.

– Då seier eg: «Ok, vi skal snakkast om eit år». Så startar eg arbeidet med å gje studentane ei ny forståing av musikalsk identitet.

Det magiske ordet

Då Kulset og Halle skulle intervjue tilsette i ein musikkbarnehage, sørgde dei for å velje personale med ulike erfaringar. Både pedagogar, assistentar, fagarbeidarar og ein styrar var med.

I analysen av svara såg forskarane at personalet skildra dei individuelle musikalske evnene sine i negative ordelag, som «jeg har ikke akkurat gått og lært på kulturskolen». Dette var typisk norske haldningar som forskarane hadde møtt mange gonger før, ifølgje Halle.

Ei sa at då ho begynte å jobbe i denne barnehagen, var ho utrygg på eiga songstemme, men at ho berre måtte fake it till you make it. Ved å syngje saman med dei andre hadde ho klart å komme over si eiga stemmeskam.

– Då vi gjorde ein ny analyse av svara, såg vi at det ordet personalet brukte mest når dei snakka om den musikalske praksisen i barnehagen, var ordet «vi». Saman med andre forstod dei at songen ikkje handla om dei sjølve, men om kva som skjer når du er med og skaper musikk saman med andre.

«Ingen skal behøve å stå alene»

Kulset og Halle bestemte seg for å gå i djupna på dette «vi»-et. I ein studie dei ferdigstilte i 2020, fann dei at fellesskapet skapte ein sjølvforsterkande praksis.

– På grunn av det vaksne fellesskapet blei personalet tryggare og song oftare, seier Halle.
I tillegg gjorde det at personalet tenkte mindre på at dei skulle prestere.

– I denne barnehagen handla det ikkje om korleis du sjølv høyrdest ut, men om kva som skjedde i fellesskapet. Musikk blei ein måte å vere saman på.

 – I denne barnehagen gjekk personalet frå ei individuell kjensle av usikkerheit til å få ein kraftfull musikalsk praksis, seier Halle.

Den mirakuløse songen

Ho meiner at ein vestleg kultur der det stort sett er talenta som skal visast fram, er med på å byggje opp under den usikkerheita mange opplever.

– Det er lett å tenkje at viss nokon er talentfulle, er det andre som ikkje er det. Dette vil vi musikkforskarar til livs. Song handlar ikkje først og fremst om talent, men om ein menneskeleg kompetanse.

Når barn får eit musikalsk miljø rundt seg, kan både dei og personalet verkeleg bruke musikken, påpeikar ho.

– Vi syng saman først og fremst fordi det har ein eigenverdi. Musikk er eit viktig uttrykk for oss menneske, anten vi er små barn eller vaksne, seier Halle.

«Personalet skal motivere barna til å uttrykke seg gjennom musikk, dans, drama og annen skapende virksomhet, og gi dem mulighet til å utvikle varierte uttrykksformer.»
Rammeplan for barnehagen

Men det finst andre fordelar òg. Nivået av endorfin, eit såkalla lykkehormon, stig, og musikken knyter oss saman. Vi lærer sosial kompetanse ved at vi tonar oss inn på kvarandre sine kjensler og tankar, fortel Halle.

– Og så har du dei openberre språklege fordelane ved å syngje saman. Vi engasjerer oss kroppsleg og emosjonelt, noko som fremjar ulike typar læring, mellom anna språk.

Gir studentane eit grunnlag

Når ho underviser, er ho opptatt av å la studentane erfare kva songen kan føre til. Mange har gått gjennom heile grunnskulen nesten utan å syngje.

– Dei spør kvifor dei må syngje når dei synest det er så krevjande. Derfor må eg gong på gong la dei kjenne på kva som skjer når vi syng saman.

Slik tar ho med seg «vi»-et frå studiane inn i undervisinga.

– Eg må gjere det eg synest er viktigast: å la dei få oppleve krafta i songen, slik at dei tar han med seg inn i barnehagen.

Tips frå forskaren

Dialogkort: Musikk