Kartleggingsprøver
Kartleggingsprøvene hjelper skolane og lærarane med å finne dei elevane som treng ekstra hjelp i løpet av dei første skoleåra.
Førebu
Kartleggingsprøver 3. trinn - obligatorisk
- Kartleggingsprøvene i lesing og regning for 3.trinn er obligatorisk.
- Gjennomføringsperioden høsten 2024 er uke 40 – 43.
- Åpen for påmelding i PAS – prøver fra 2. september.
Kartleggingsprøver 1. trinn - frivillig
- Kartleggingsprøvene i lesing (norsk og samisk) og regning for 1.trinn er frivillig.
- Gjennomføringsperioden våren 2024 er uke 11 – 18 (11. mars – 3. mai).
- Åpen for påmelding i PAS – prøver fra 12. februar.
Kartleggingsprøver på samisk
Vi utvikler egne kartleggingsprøver i lesing på nord-, sør- og lulesamisk.
Kartleggingsprøvene i regning er oversatt og tilpasset nord-, sør- og lulesamisk. Skolen må melde på elever i PAS – prøver med riktig kode.
Slik melder du på elevar
- Skoleadministrator melder på alle elevane på trinnet, anten direkte i PAS – prøver eller gjennom det skoleadministrative systemet.
- Påmeldinga opnar fire veker før gjennomføringsperioden startar.
- Det er mogleg å melde opp elevar i heile gjennomføringsperioden.
- Elevar som skal ha fritak skal også meldast på til prøva.
Innlogging for elevar
- Elevane gjennomfører prøva ved å logge på elev.udir.no.
- Elevar med FEIDE loggar på med brukaren sin.
- Elevar utan FEIDE-brukar nyttar elevpassord og brukarnamn.
«Elevpassord og brukarnamn» er tilgjengeleg for lærer (prøvegruppeansvarleg) eller skoleadministrator under "Gjennomføring" i PAS – prøver.
Elevane må taste inn kodeordet i prøvegruppa for å få tilgang til ei prøve. Kodeordet i prøvegruppa finn lærer eller skuleadministrator under «Start og overvak ei prøve» i PAS – prøver.
Slik startar du prøva
Du finn «Start prøve» i PAS – prøver, under «Gjennomføring» og «Start og monitorer ei prøve». Her vel du prøvegruppa som du ønskjer å starte prøva for.
Elevane kan logge inn og byrje på prøva etter at lærar eller skoleadministrator har trykt «Start prøve». Prøva er tilgjengeleg for pålogging fram til kl. 16. Dersom elevar skal logge inn for å ta prøva på eit seinare tidspunkt, må prøva startast på nytt.
Du finn utfyllande informasjon om gjennomføringa i "Veiledninger og dokumenter" i PAS – prøver, under "Gjennomføring", ca. to uker før gjennomføringsperioden starter.
Før gjennomføring
Fordel oppgåver mellom lærar, leiing og eventuelt administrativt personale.
Gjer deg godt kjend med kva kartleggingsprøver er, og kva dei måler.
Gjer deg godt kjend med støtta om korleis de skal førebu, gjennomføre og følgje opp prøvene. Hugs at du i forkant av gjennomføringa må:
- Gjere ei vurdering av kva elevar som eventuelt skal fritakast frå prøvene.
- Melde på elevar til prøvene i PAS – prøver
- Gi dei ansvarlege lærarane tilgang til PAS – prøver
- Sørgje for at det er kapasitet til å gjennomføre dei elektroniske prøvene, og at maskinene og systema er oppdaterte.
- Snakke om formålet med kartleggingsprøvene og vêr tydeleg på kva som er forskjellen mellom å førebu seg til prøver og øve til prøver.
- Førebu elevane til prøvene. Eksempeloppgåvene ligg på udir.no. Oppgåvene gir elevane høve til å øve seg på å lytte til og følgje instruks, og lærar kan forklare kva det vil seie å arbeide på tid.
- Gi foreldre informasjon om at skolen skal gjennomføre kartleggingsprøver.
Under gjennomføring
Under gjennomføringsperioden skal skoleleiarar støtte lærarane og elevane for å sikre at alle opplever ei god gjennomføring. Skoleleiinga skal sørgje for at lærarane har tilstrekkelege ressursar til å støtte alle elevane gjennom perioden.
Etter gjennomføring
Etter gjennomføringa skal resultata av kartleggingsprøvene brukast til å
- følgje opp elevar som har resultat i oppfølgingsområdet.
- vurdere om skolen har gode nok rutinar for å fange opp elevar som har behov for ekstra hjelp tidleg nok.
- informere foreldra til elevane som har resultat i oppfølgingsområdet om kva tiltak som skal setjast inn.
Skoleleiarar har det overordna ansvaret for at dette skjer.
Kartleggingsprøvene i lesing og rekning er laga for å finne elevar som treng ekstra oppfølging.
Kartleggingsprøvene på 3. trinn er obligatoriske for alle elevar.
Prøvene på 1. trinn er frivillige prøver. Har skolen bestemt at dei skal gjennomføre frivillige kartleggingsprøver, er prøva obligatorisk for alle elevane på det aktuelle trinnet.
Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning og internasjonale skoler
Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning etter privatskoleloven kan søkje Utdanningsdirektoratet om anten å leggje prøvene på eit anna trinn enn det fastsette, eller søkje om fritak frå dei obligatoriske kartleggingsprøvene. Internasjonale skolar godkjend etter privatskolelova kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbart urimeleg at elevane skal delta i prøvene. Ordlyden ”skal kunne søkje” gir ingen automatisk rett til fritak. Skolen må grunngi søknaden ut frå læreplanane. Vi viser til forskrift til privatskolelova § 2-7 andre og tredje ledd.
Internasjonale skolar og utanlandske skolar, godkjend etter opplæringslova, kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak frå dei obligatoriske kartleggingsprøvene. Vilkåret for å gi fritak er at ”… det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.” Dette kan komme av at dei obligatoriske kartleggingsprøvene vil vere formålslause til dømes på grunn av at elevane ikkje har fått opplæring i aktuelle læreplanar/kompetansemål som kartleggingsprøvene testar. Vi viser til forskrift til opplæringslova § 2-8 andre ledd.
Elevar som får opplæring på ein mellombels opplæringsstad
Elevar som er på ein mellombels opplæringsstad eller ein institusjon når prøvene blir gjennomførte, meldes på til kartleggingsprøver på lik linje med alle dei andre elevane på same trinn på heimeskolen. Dei skal gjennomføre prøvene på på den mellombelse opplæringsstaden. Skolen der eleven eigentleg høyrer heime, skal syte for at opplæringsstaden eller institusjonsskolen får tilgang til prøvene.
Opplæringsstaden eller institusjonsskolen er ansvarleg for gjennomføringa.
Fritak frå prøva
Moglegheita til fritak frå prøvene er avgrensa
Kartleggingsprøvene i lesing og rekning på 3. trinn er obligatoriske for alle elevar. Moglegheita til fritak er difor avgrensa. Dersom skolen har bestemt at dei skal gjennomføre frivillige kartleggingsprøver, er prøva obligatorisk for alle elevane på det aktuelle trinnet. Da gjeld dei same moglegheitene til fritak som for obligatoriske prøver.
To grupper elevar kan få fritak
Det er to grupper elevar rektor kan vurdere å frita frå kartleggingsprøvene. Det gjeld elevar som allereie har
- enkeltvedtak om rett til spesialundervisning
- enkeltvedtak om rett til særskilt språkopplæring for språklege minoritetar
I tillegg må det vere klart at resultatet frå prøven som eleven blir fritatt frå, ikkje vil ha noko å seie for opplæringa til eleven.
Elevar med enkeltvedtak skal ikkje automatisk få fritak frå kartleggingsprøvene. Rektor skal i samråd med læraren gjere ein særskilt og individuell vurdering av om resultata til elevane med enkeltvedtak kan vere nyttige i tilrettelegging av opplæringa.
Enkeltvedtak
Avgjerda om fritak frå kartleggingsprøver er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Dette inneber mellom anna at vedtaket skal
- komme i god tid før prøva
- vere skriftleg og grunngitt
- gi informasjon om høve til å klage
- seie kva for prøve det er gitt fritak frå
- vise til heimel i lovverket
Sjukdom eller anna fråvær
Elevar som er sjuke på prøvedagen, eller som har anna fråvær, skal få moglegheit til å ta prøva i ettertid.
Tilrettelagde prøver
Enkelte elevar kan ha behov for spesiell tilrettelegging i samband med gjennomføringa av ei kartleggingsprøve. Skolen skal syte for all slik tilrettelegging, og leggje behovet til den enkelte eleven til grunn for spesielle ordningar. Tilrettelegging kan for eksempel vere:
- gjennomføring i ei lita gruppe
- aleine
- fleire pausar
Det er viktig at tilrettelegginga ikkje har ei form eller eit omfang som påverkar resultatet og gjer det mindre reelt.
Kartleggingsprøvene i rekning på 1. trinn og i rekning og lesing på 3. trinn er omsett til teiknspråk
Skolen melder på elevar som bruker teiknspråk i PAS – prøver med variantkode for teiknspråk (TEG). Elevane vil under gjennomføringa få sjå ein video til kvar oppgåve der teksten er omsett til teiknspråk.
Kartleggingsprøva i lesing på 1. trinn er ikkje omsett til teiknspråk. Skolar med elever som bruker teiknspråk kan bestille prøva i lesing på papir hos post@udir.no.
Kartleggingsprøva i rekning på 3. trinn for elevar som bruker punktskrift
Prøva i rekning på 3. trinn er også utarbeidd som eit praktisk kartleggingsmateriell. Dette testar dei same områda som i den digitale prøva. Skolane kan bestille materiellet frå Utdanningsdirektoratet, post@udir.no.
Kartleggingsprøva er ikkje tilpassa til elektronisk utgåve for leselist.
Kartleggingsprøva i lesing på 3. trinn for elevar som bruker punktskrift
Prøva i lesing på papir er omsett til punktskrift. Skolar med elevar som bruker punktskrift, kan bestille denne prøva frå Statped midt, laeremidler@statped.no, telefon 0219.
Kartleggingsprøva er ikkje tilpassa til elektronisk utgåve for leselist.
Rektor har ansvar for å gjere seg kjend med tekniske krav for gjennomføringa. Ansvaret kan delegerast til andre tilsette.
Les om tekniske krav ved prøver.
Kapasitet i det lokale nettverket
Skolen må sørgje for at det blir teke omsyn til kapasiteten i det lokale nettverket. Skoleeigaren skal gi brukarstøtte ved tekniske spørsmål. Skoleeigaren kan kontakte statsforvaltaren i fylket sitt dersom det er nødvendig.
Skolane skal informere foreldra om kartleggingsprøvene.
Det viktigaste å informere i forkant av gjennomføringa er
- kva formålet med prøvene er
- prøvene på 3. trinn er obligatoriske for alle elevar
- kva for frivillige prøver skolen har valt å gjennomføre, og at desse er obligatoriske for alle elevar
- når prøvene gjennomførte
Ta gjerne utgangspunkt i Kva er kartleggingsprøver?
Skolen kan også dele lenkjer til eksempeloppgåver med foreldra. Prøven ligg ope og krev ikkje passord.
Gjennomføre
Prøvetid
Skolen må setje av cirka 30 minutt til gjennomføringa av både del 1 og del 2. Det er ikkje sett tidsavgrensing på oppgåvene eller på heile prøva, så de må planleggje for at elevane ikkje blir ferdige samtidig.
Informasjon om prøva
Kartleggingsprøva i rekning består av to delar. Alle elevane skal ta del 1. Elevane som er over oppfølgingsområdet, skal ikkje ta del 2.
Husk dette for dei som skal ta del 2
- Elevane skal først ha ein pause.
- Del 2 kan gjennomførast same dag, eller når som helst i løpet av gjennomføringsperioden. Dersom prøva gjennomføres en annen dag må prøva startast på nytt.
- Elevane logger inn på same måte.
- Resultata i del 2 avgjer om dei er i oppfølgingsområdet.
Du finn utfyllande informasjon om gjennomføringa i "Veiledninger og dokumenter" i PAS – prøver, under "Gjennomføring", ca. to uker før gjennomføringsperioden starter.
Navigering i prøva
Prøva er bygd opp av sekvensar. Kvar sekvens inneheld ein kort instruksjonsvideo og 3-4 oppgåver av same type. Alle oppgåver har i tillegg ei lydfil som gir ein kort instruksjon om kva elevane skal gjere.
Når elevane skal gjennomføre prøva kan dei berre gå framover til neste oppgåve, ikkje tilbake. Det er derfor viktig at elevane gjer seg heilt ferdige med ei oppgåve før dei går vidare til neste.
De kan gå inn på eksempeloppgåvene for å gjere dykk kjent med prøvene.
Resultatvisning i PAS – prøver
Når elevane har avslutta prøva, viser resultatvisninga i PAS – prøver kva elevar som er i oppfølgingsområdet. For elevane i oppfølgingsområdet vil resultata for alle oppgåvene vere tilgjengelege i resultatvisninga. For andre elevar vil det berre visast at dei har gjennomført prøva.
Utstyr til prøva
Rekneprøva blir gjennomført digitalt på anten læringsbrett, berbar PC eller stasjonær PC. Elevane treng også hovudtelefonar. I tillegg skal elevane ha tilgang på papir og blyant slik at dei kan kladde dersom dei ønskjer det.
Prøvetid
De må setje av cirka 40 minutt til gjennomføringa. Det er ikkje sett tidsavgrensing på oppgåvene eller på heile prøva, så de må planleggje for at elevane ikkje blir ferdige samtidig.
Informasjon om prøva
Elevane får nokre oppgåver som er felles for alle, og nokre oppgåver som er tilpassa, slik at elevane skal oppleve meistring.
- Alle elevar skal gjere like mange oppgåver i løpet av prøvegjennomføringa. På 3. trinn vil det seie rundt 65 oppgåver, og på 1. trinn rundt 50 oppgåver.
- Skulen bør vurdere å leggje inn pause undervegs.
For eleven blir vist talet på oppgåver nedst i venstre hjørne av prøva. Ettersom det ligg fleire oppgåver i prøva enn det eleven får tildelt, vil ikkje denne oversikta over progresjon stemme. Elevane vil vere ferdige når rundt halvparten er løyst, og prøva blir levert automatisk.
Du finn utfyllande informasjon om gjennomføringa i "Veiledninger og dokumenter" i PAS – prøver, under "Gjennomføring", ca. to uker før gjennomføringsperioden starter.
Navigering i prøva
Kartleggingsprøven inneholder oppgaver som måler ordlesing, vokabular, staving (3. trinn) og leseforståelse. Flere av oppgavene har en lydfil som gir en kort instruksjon om hva elevene skal gjøre.
Når elevane har avslutta prøva, viser resultatvisninga i PAS – prøver kva elevar som er i oppfølgingsområdet. For elevane i oppfølgingsområdet vil resultata for alle oppgåvene vere tilgjengelege i resultatvisninga. For andre elevar vil det berre visast at dei har gjennomført prøva.
De kan gå inn på eksempeloppgåvene for å gjere dykk kjent med prøvene.
Resultatvisning i PAS – prøver
Når elevane har avslutta prøva, viser resultatvisninga i PAS – prøver kva elevar som er i oppfølgingsområdet. For elevane i oppfølgingsområdet vil resultata for alle oppgåvene vere tilgjengelege i resultatvisninga. For andre elevar vil det berre visast at dei har gjennomført prøva.
Utstyr til prøven
Leseprøva blir gjennomført digitalt på anten læringsbrett, berbar PC eller stasjonær PC. Stavekontroll må vere deaktivert før gjennomføringa. Elevane treng også hovudtelefonar. Les om tekniske krav.
Prøvetid
De må setje av cirka 40 minutt til gjennomføringa. Det er ikkje sett tidsavgrensing på oppgåvene eller på heile prøva, så de må planleggje for at elevane ikkje blir ferdige samtidig.
Informasjon om prøva
Kartleggingsprøven i lesing på samisk er tilgjengeleg på nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Skolen melder på elevane til dei samiske leseprøvene i PAS – prøver. Det er viktig at elevane blir melde på til rett variant av leseprøva.
Du finn utfyllande informasjon om gjennomføringa i "Veiledninger og dokumenter" i PAS – prøver, under "Gjennomføring", ca. to uker før gjennomføringsperioden starter.
Navigering i prøva
Prøva inneheld oppgåver som måler ordlesing, vokabular og leseforståing. Oppgåver som måler vokabular har ei lydfil som gir ein kort instruksjon om kva elevane skal gjere.
Når elevane skal gjennomføre prøva kan dei berre gå framover til neste oppgåve, ikkje tilbake. Det er derfor viktig at elevane gjer seg heilt ferdige med ei oppgåve før dei går vidare til neste.
Resultatvisning i PAS – prøver
Når elevane har avslutta prøva, finn de resultata i PAS – prøver. Dei samiske leseprøvene har inga oppfølgingsgrense, og de kan sjå resultata til alle elevane som har gjennomført prøva.
Utstyr til prøva
Leseprøva blir gjennomført digitalt på anten læringsbrett, berbar PC eller stasjonær PC. Elevane treng også hovudtelefonar.
Les om tekniske krav.
Har du spørsmål om gjennomføringa, skal dei rettast tenesteveg. Det vil seie at
- skoleleiaren skal ta kontakt med sin skoleeigar
- skoleeigaren skal rette spørsmål til utdanningsavdelinga hos statsforvalteren i sitt fylke
- statsforvalter skal ta kontakt med Utdanningsdirektoratet
Følgje opp
Foreldre til elevar som treng ekstra oppfølging skal få tilbakemelding om resultata frå kartleggingsprøva. Dei skal også få informasjon om kva tiltak skulen vel å bruke for å følgje opp eleven vidare.
Vi har laga informasjon om korleis du kan følgje opp elevane etter gjennomføringa:
Veiledningene for gjennomføring av prøva finn du i PAS – prøver, under "Gjennomføring".
Resultata for elevane finn du i PAS – prøver, under "Resultater". I resultatvisninga ligg støtte til å tolke resultata frå prøvene.
Resultata er ein del av elevanes underveisvurdering
Saman med annan informasjon om læringa til elevane, skal resultata danne grunnlag for å tilpasse opplæringa.
Resultata frå kartleggingsprøver kan til dømes brukast som utgangspunkt for å
- snakke om korleis skolen arbeider med grunnleggjande ferdigheiter
- avdekkje eventuelle behov for fagleg oppdatering i personalet på skolen
- vurdere om rutinane til skulen for oppfølging er gode nok eller om dei bør endrast
Korleis følgje opp kartleggingsprøvene etter gjennomføring
Resultata har verdi for skulen
Skoleleiar må ta ansvar for at den samla erfaringa til skulen og kunnskap blir bringa vidare til resten av skolen og dermed også blir til nytte for kommande elevar.
Det er viktig at enkeltelevar som treng det får oppfølging etter prøvene slik at dei får utvikla ferdigheitene sine. Det er også viktig at læraren vurderer kva resultata inneber for praksis i klasseklasserommet.
Analysere elevresultat frå kartleggingsprøver
Det kan vere lurt å samarbeide med lærarar på fleire trinn når de skal analysere resultata. Både lærarane på det aktuelle trinnet, men også lærarane på trinnet over og under, kan ha nytte av å vere med på, og av å bidra i, analysane.
Skoleleiinga bør vere med både for å systematisere arbeidd og for å sikre at informasjonen frå resultata blir følgt opp, og bringa vidare.
Samarbeid og refleksjon på skolen
Når skuleleiarar og lærarar drøftar kva resultata fortel om elevane på skolen er det fleire spørsmål dei kan stille seg. Her er nokre døme:
- Kva kan skulen lære av resultata? Ser vi nokon samanhengar? Er det noko som overraskar?
- Korleis kan resultata brukast til å utvikle praksisen til skolen i lese- og rekneopplæringa? Er det nokre område skolen treng kompetanseheving på?
- Korleis kan resultata brukast til førebygging for kommande elevar?
- Korleis kan erfaringar frå eitt trinn overførast til andre trinn på sklen?
Vi har laga informasjon om korleis du kan følgje opp elevane etter gjennomføringa:
Det er skoleeigars ansvar at kartleggingsprøvene blir gjennomførte i tråd med retningslinjene. Skoleeigar skal også sjå til at resultata blir følgt opp og at elevar som har resultat i oppfølgingsområdet på kartleggingsprøvene får nødvendig og tilpassa oppfølging.
Skoleeigar skal etterspørje kva tiltak og kva oppfølging skolen har sett i gang på bakgrunn av resultata frå kartleggingsprøvene.
Prøvene er ikkje laga for å kunne samanlikne resultat med andre skolar, kommunar eller fylke, men for å brukast i klasserommet og på skolen.
Resultatene på kartleggingsprøvene skal ikke rapporteres til Utdanningsdirektoratet. Prøvene er ikke utviklet for å sammenstille resultatene. Derfor egner resultatene seg ikke som styringsinformasjon, og de kan ikke brukes til å sammenligne skoler, kommuner eller fylker.