Læreplan i rettslære - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (RTL1-01)
Utgått
Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande dugleikar er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I rettslære forstår ein grunnleggjande dugleikar slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg i rettslære inneber å drøfte juridiske problemstillingar, trekkje konklusjonar, formulere haldningar og diskutere etiske og politiske spørsmål som gjeld juss.
Å kunne uttrykkje seg skriftleg i rettslære inneber å løyse juridiske oppgåver og drøfte dei skriftleg. Det inneber å uttrykkje seg klart og presist når ein utarbeider juridiske saksframstillingar.
Å kunne lese i rettslære inneber å utvikle gode lesestrategiar for å setje seg inn i teori og andre rettskjelder og for å forstå innhaldet i ei juridisk oppgåve og sjå rettsspørsmåla. Det inneber òg å nytte lovsamling, oppslagsverk og statistisk materiale og halde seg orientert om juridiske tema i media.
Å kunne rekne i rettslære inneber å løyse oppgåver med utrekningar, til dømes i samband med arveoppgjer og deling av formue ved separasjon og skilsmisse.
Å kunne bruke digitale verktøy i rettslære inneber å finne relevante kjelder på Internett, bruke tekstbehandling og lommereknar eller rekneark når ein løyser oppgåver. Det inneber òg å kunne bruke presentasjonsverktøy.
5 av 9