Læreplan i tømrarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (TMF3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Produksjon
- planleggje, utføre, dokumentere og vurdere eige arbeid
- utføre byggje- og monteringsarbeid etter teikningar og beskrivingar
- byggje nye utvendige og innvendige konstruksjonar av tre og stål
- byggje nye utvendige og innvendige konstruksjonar i bygningar av tre, mur, stål og betong
- velje, tilverke og bruke materialar til konstruksjonar og innreiingsarbeid
- byggje og montere ulike typar etasjeskilje og leggje ulike typar tregolv og trebaserte golv
- byggje og montere ulike typar komplette veggkonstruksjonar
- byggje og montere ulike typar komplette takkonstruksjonar
- montere vindauge og dører og isolere og tette rundt dei
- byggje ulike typar utvendige trekonstruksjonar
- montere ulike typar listverk utvendig og innvendig
- montere ulike typar innreiing
- ta vare på byggjeskikkar og byggjetradisjonar ved utføring av rehabiliterings- og vedlikehaldsarbeid
- dokumentere eige arbeid ved bruk av preaksepterte løysingar
- utføre arbeid i samsvar med kvalitetsstyringssystem i byggjenæringa
- utføre kjeldesortering og handtere avfall
- montere ulike typar stillas i samsvar med gjeldande regelverk
- byggje om eksisterande bygningar til nye funksjonsområde i samsvar med gjeldande regelverk
- bruke ulike typar måleverktøy
- sikre estetiske og kulturelle verdiar ved arbeid i faget
- velje konstruksjonar og løysingar ved rehabiliterings- og ombyggingsarbeid som førebyggjer skadar
- utføre arbeidet i samsvar med gjeldande krav til helse, miljø og tryggleik
- utføre arbeidet i tråd med ergonomiske prinsipp
Bransjelære
- gjere greie for den historiske utviklinga av faget og kor viktig det er for samfunnet i dag
- gjere greie for innhaldet i relevante nasjonale og internasjonale regelverk for kva rettar og plikter kunden, under dette reglar om klagerett
- gjere greie for gjeldande regelverk og drøfte etiske retningslinjer i faget
- drøfte kor viktig det er med samhandling på arbeidsplassen
- utføre geometriske utrekningar og dokumentasjon ved hjelp av digitale verktøy
- lage skisser og konstruksjonsteikningar
- gjere greie for prinsippa ved oppgradering av eldre bygningar i samsvar med gjeldande regelverk
- bruke grunnleggjande bygningsfysikk i arbeid med faget
- velje eigna materiale til ulike typar arbeid og grunngi vala
- gjere greie for gjeldande regelverk for avfallshandtering
6 av 7