Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3 (DAT3-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
System og infrastruktur
System og infrastruktur
- gjere greie for forretningsområdet til data- og elektronikkbedrifter innan system og infrastruktur
- planleggje, montere, setje i drift, gjere funksjonstestar på, søkje etter feil i og dokumentere system som tilhøyrer forretningsområdet til data- og elektronikkbedrifter
- planleggje, montere, konfigurere, setje i drift, søkje etter feil på og dokumentere tenar- og klientbaserte datasystem og nettverk
- velje feilsøkingsstrategi, velje instrumentoppsett, gjere overslag over venta måleverdiar, måle elektriske storleikar og vurdere måleresultatet
- gjere risikovurderingar av det arbeidet som blir utført, kontrollere resultatet og vurdere kvaliteten på eige arbeid
- bruke eit fagleg presist språk i kommunikasjon med kundar, leverandørar, supportpersonell, kollegaer og representantar frå andre fagområde
- utføre arbeidet fagmessig og nøyaktig i samsvar med gjeldande regelverk, standardar, rettleiingar og teknisk dokumentasjon frå produsentar, for å oppfylle krav til elektronisk kommunikasjon, informasjonstryggleik, eltryggleik og persontryggleik
- utføre arbeidet i samsvar med rutinar for internkontroll og kvalitetssikring
- gjere greie for organiseringa og eigarstrukturen og gjere greie for kva for faktorar som påverkar lønnsemda i data- og elektronikkbedrifter
- gjere greie for arbeidstakarens rettar og plikter i data- og elektronikkbedrifter på bakgrunn av gjeldande regelverk og avtaleverket mellom partane i arbeidslivet
- gjere greie for korleis data- og elektronikkbedrifter påverkar samfunnet lokalt, nasjonalt og globalt
- gjere greie for systemet for autorisasjon og nummer- og frekvensforvaltning
- dokumentere eiga opplæring innan system og infrastruktur
7 av 9