Læreplan i naturfag (NAT1-03)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Kompetansemål etter 2. årssteget
Forskarspira
- stille spørsmål, samtale og filosofere rundt naturopplevingar og plassen til mennesket i naturen
- bruke sansane til å utforske verda i det nære miljøet
- beskrive, illustrere og samtale om eigne observasjonar frå forsøk og frå naturen
- kjenne att faresymbol for farlege stoff og farleg lys
Mangfald i naturen
- gjennomføre aktivitetar i nærområdet for å lære om naturen og samtale om kvifor dette er viktig
- bruke observasjonar til å beskrive kjenneteikn ved årstidene og fortelje om korleis ein i samisk kultur deler inn året
- kjenne att og beskrive nokre plante- og dyreartar i nærområdet og sortere dei i grupper
Kropp og helse
- setje namn på og beskrive funksjonen til nokre ytre og indre delar av menneskekroppen
- samtale om grensesetjing, forståing og respekt for eigen og andre sin kropp
- beskrive og samtale om sansane og bruke dei medvite i observasjonar ved aktivitetar ute og inne
Fenomen og stoff
- beskrive og illustrere korleis jorda, månen og sola bevegar seg i forhold til kvarandre, og fortelje om årstider, døgn og månefasar
- beskrive og sortere stoff etter observerbare kjenneteikn
- gjere forsøk med vatn og lys og samtale om observasjonane
Teknologi og design
- lage gjenstandar som kan bevege seg ved hjelp av vatn eller luft, og samtale om korleis dei verkar
- lage gjenstandar som bruker refleksjon av lys, og samtale om korleis dei verkar
6 av 13