Læreplan i naturfag (NAT1-03)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Kompetansemål etter Vg1 – yrkesfaglege utdanningsprogram
Forskarspira
- planleggje og gjennomføre ulike typar undersøkingar med identifisering av variablar, hente inn og bearbeide data og skrive rapport med diskusjon av måleusikkerheit og vurdering av moglege feilkjelder
Berekraftig utvikling
- gjere greie for omgrepet berekraftig utvikling
- gjere greie for faktorar som verkar inn på storleiken til ein populasjon
- kartleggje eigne forbruksval og argumentere fagleg og etisk for eigne forbruksval som kan medverke til eit berekraftig forbruksmønster
- undersøkje ein global interessekonflikt som gjeld miljøspørsmål, og drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg
Ernæring og helse
- beskrive dei viktigaste energigjevande næringsstoffa og dei kjemiske kjenneteikna deira, og grunngje kvifor dei er viktige for kroppen
- gje døme på vitamin, mineral og sporstoff som kroppen treng, og korleis ein kan sikre variert kosthald
- gjennomføre enkle kjemiske påvisingar av næringsstoff i matvarer og gjere greie for observasjonane
- forklare hovudtrekka i fordøying, transport og omsetning av energigjevande næringsstoff i kroppen
- gjere greie for nokre av grunnelementa i kosmetiske produkt og lage eit slikt produkt med eigen varedeklarasjon
- drøfte spørsmål som gjeld slanking, eteforstyrringar og trening, og korleis livsstil påverkar helsa
Energi for framtida
- gjere forsøk med solceller, solfangarar og varmepumper, forklare hovudtrekk i verkemåten og gjere enkle berekningar av verknadsgraden
- gjere greie for ulik bruk av biomasse som energikjelde
11 av 13