Privatskoleforskrifta
§ 12-3 Når og kvar forsikringa skal gjelde
Forsikringa skal gi dekning for ulykkesskade som har hendt
- på opplæringsstaden i opplæringstida
- på veg mellom heimen og opplæringsstaden.
Andre opphaldsstader er likestilte med heim i første ledd bokstav b.
For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tida elevane oppheld seg på skolen, men ikkje i feriar og under liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av internatskolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heimen og internatskolen i samband med slikt fråvær.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 7-1 b og viderefører delvis § 7A-4 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer opplæringsforskriften § 18-3. Se merknaden til den paragrafen.