Privatskolelova
§ 5A-5 Organiseringa av skoledemokratiet
Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit foreldreråd, der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet kan velje eit arbeidsutval. Skolens styre skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.
Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal være representerte i organ ved vidaregåande skolar.
Tilføyd ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).