Økonomiforskrift til privatskolelova
§ 5-1 Berekning av skolepengar
Berekning av storleiken på skolepengane skal skje med utgangspunkt i gjeldande satsar for tilskot.
Skolepengane til grunnskolar kan utgjere inntil 15 % per elev av høgste satsen på barnetrinn og tilsvarande på ungdomstrinn.
Skolepengane til vidaregåande skolar kan utgjere inntil 15 % per elev av satsen på dei ulike utdanningsprogramma.
I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane ta inntil 3 400 kr per år for elevar i grunnskolen og inntil 4 500 kr per år for elevar i den vidaregåande skolen for å dekkje utgifter til husleige eller kapitalkostnader, jf. privatskolelova § 6-2 første ledd.
Grunn- og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar kan ikkje ta skolepengar, med mindre skolen har søkt og fått innvilga unntak etter privatskolelova § 6-2 andre ledd.
Endra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1024.