Opplæringsforskrifta
§ 9-8 Fråværsgrense i vidaregåande skole
Elevar i vidaregåande skole som har fråvær over det som er fråværsgrensa i eit fag, skal ikkje få standpunktkarakter eller halvårsvurdering med karakter i faget. Fråværsgrensa går ved ti prosent av årstimetalet i faget.
Dokumentert fråvær som nemnt i § 9-53, skal ikkje reknast som fråvær etter første ledd. Det same gjeld dersom årsaka til fråværet er tryggleikskurs på bane og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, jf. trafikkopplæringsforskriften § 11-6 og § 11-8.
Rektor sjølv kan avgjere at ein elev som har opp til 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, likevel kan få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde. Faglæraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. § 9-1.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 5‑4 andre ledd og viderefører § 3‑9 i den tidligere forskriften.
At det er rektor «sjølv» som kan avgjøre om en elev kan ha opptil 15 prosent fravær etter tredje ledd, betyr at denne oppgaven ikke kan delegeres til for eksempel faglærer. Dersom en elev har fravær som overstiger fraværsgrensen i et fag som det gis mer opplæring i etter § 5-2, bør det at timetallet er redusert vektlegges i vurderingen.