Opplæringslova
§ 18-2 Rett til førebuande opplæring for vaksne
Dei som treng førebuande opplæring i fag eller i grunnleggjande ferdigheiter, men ikkje lenger har rett til grunnskoleopplæring etter § 2-1, har rett til førebuande opplæring for vaksne.
Søkjarar har mellom anna rett til førebuande opplæring dersom dei ikkje har fått tilfredsstillande opplæring før, dersom dei treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var del av læreplanen då dei fekk grunnskoleopplæring, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom. Når det skal vurderast om ein søkjar treng førebuande opplæring, skal det takast omsyn til kva søkjaren sjølv meiner.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 5, har ikkje rett til førebuande opplæring etter denne paragrafen.
Forarbeid til loven
Paragrafen er delvis ny, og han fører delvis vidare dagens lov § 4A-1 første ledd. Paragrafen er omtalt i punkt 43.4 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen handlar om rett til førebuande opplæring for vaksne. For førebuande opplæring for vaksne gjeld femte del av lovforslaget. Den første, sjuande og åttande delen i lovforslaget gjeld generelt, og det følgjer av kvar enkelt paragraf om han gjeld for opplæring for vaksne. Reglane i den andre, tredje og fjerde delen gjeld ikkje for opplæring for vaksne med mindre det er fastsett i den femte delen at ein regel gjeld. Dei som får førebuande opplæring for vaksne, blir omtalte i lova som «vaksne deltakarar» eller «deltakarar», uavhengig av om dei har rett til slik opplæring eller ikkje, og uavhengig av alder.
Retten til førebuande opplæring for vaksne er avhengig av at vaksne søkjer om slik opplæring.
Hovudvilkåret i første ledd er at den vaksne treng opplæring. Behovet for førebuande opplæring kan vere knytt til fag, delar av fag eller grunnleggjande ferdigheiter.
Med grunnleggjande ferdigheiter er det meint dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanverket som er fastsette med heimel i § 1-4. Etter gjeldande læreplanverk er dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, rekning, skriving, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter. Vaksne kan få opplæring i andre ferdigheiter enn ferdigheitene i læreplanverket som ein del av opplæringa, inkludert individuelt tilrettelagd opplæring for å utvikle og halde ved like grunnleggjande ferdigheiter, sjå § 19-6. Eit behov for å utvikle eller halde ved like andre grunnleggjande ferdigheiter enn ferdigheitene i læreplanverket gir ikkje i seg sjølv rett til førebuande opplæring.
Vilkåret i første ledd om at ein ikkje lenger kan ha rett til grunnskoleopplæring etter § 2-1, betyr at ein må ha avslutta 10. trinn eller vere over den alderen då 10. trinn blir avslutta (grunnskolepliktig alder).
I andre ledd første punktum er det ramsa opp tilfelle der ein vaksen har rett til førebuande opplæring. Oppramsinga er ikkje uttømmande, men viser dei tilfella der vaksne normalt kan ha behov for og dermed rett til førebuande opplæring. I vurderinga av om vaksne tidlegare har fått tilfredsstillande opplæring, skal det takast utgangspunkt i kor mange år med opplæring på grunnskolenivå den vaksne tidlegare har fått. I tillegg er kvaliteten på opplæringa relevant. Det må vurderast om opplæringa var forsvarleg og tilstrekkeleg ut frå regelverket på det tidspunktet opplæringa vart gitt. Personar med opplæring på grunnskolenivå frå andre land må bedømmast ut frå dei behova for opplæring dei har etter norske forhold.
At vaksne kan ha rett til førebuande opplæring dersom dei har behov for opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var ein del av læreplanen då dei fekk grunnskoleopplæring, inneber ein rett til fornya opplæring. Rett til slik fornya opplæring vil gjelde tilfelle der ein person har fått tilstrekkeleg grunnskoleopplæring, men der det er endringar i kompetansemål og ferdigheiter som følgje av endringar i samfunnet, slik at den opphavlege opplæringa ikkje gjer vedkommande i stand til å fungere godt i dagens samfunn. Ikkje alle endringar i læreplanane gir rett til fornya opplæring. Det må vere vesentlege endringar. Per i dag er det berre opplæring i digitale ferdigheiter som er aktuelt for fornya opplæring.
Behovet for ny førebuande opplæring «på grunn av skade eller sjukdom» må knyte seg til opplæring i fag, delar av fag eller grunnleggjande ferdigheiter i læreplanverket som er fastsette med heimel i § 1-4. Sjølv om vilkåra for førebuande opplæring er oppfylte, kan omstende ved den praktiske gjennomføringa tilseie at tenesta den enkelte skal få, ikkje er førebuande opplæring. Til dømes vil vaksne etter skade og sjukdom ofte ha eit meir akutt behov for opptrening av desse ferdigheitene enn det som kan oppfyllast gjennom den førebuande opplæringa. Opptrening og rehabilitering etter skade som blir gjennomført av helsepersonell på behandlingsinstitusjonar, vil ikkje vere førebuande opplæring.
Andre ledd andre punktum om at det skal takast omsyn til «kva den vaksne sjølv meiner» inneber at det ikkje skal vere ein høg terskel for å få rett til førebuande opplæring for vaksne. Samtidig vil ikkje det den vaksne sjølv meiner alltid vere avgjerande. Om den vaksne oppfyller vilkåra for rett til førebuande opplæring, skal vere ei heilskapleg vurdering der det skal leggjast vekt på kva den vaksne sjølv meiner.
Retten til førebuande opplæring gjeld i utgangspunktet så lenge vilkåra for retten er oppfylt.
Avgrensinga i tredje ledd om at retten ikkje gjeld for dei som har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 5, inneber at dei som oppfyller vilkåra for rett til vidaregåande opplæring for ungdom, ikkje også har rett til førebuande opplæring for vaksne. Sjå merknaden til § 5-1 om kven som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom. Kommunen og fylkeskommunen kan likevel gi førebuande opplæring til dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, men som treng meir grunnskoleopplæring, jf. § 9-7.