vg2 anleggsteknikk (ANL02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter drift og vedlikehald
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjennomføre arbeidsvarsling etter gjeldande regelverk
- drifte og halde ved like veg, bane, vatn, avløp og annan infrastruktur og reflektere over korleis sesongvariasjonar påverkar val av metodar
- planleggje og dokumentere anleggsarbeid digitalt
- følgje gjeldande krav til å byggje, drifte og kontrollere grøfter og leidningsanlegg
- kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, behandle forureina masse, uønskte planter og organismar, og reflektere over konsekvensar av feilhandtering
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget drift og vedlikehald når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget drift og vedlikehald. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at eleven kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget drift og vedlikehald ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget drift og vedlikehald basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.