Vg3 fjell- og bergverksfaget (FJE03‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg3 fjell- og bergverksfaget med fordjuping i fjellsikring

  • planleggje å bruke maskiner, sprengstoff og utstyr i grunnarbeid, mineraluttak og sikring av fjell, arbeide etter teikningar, beskrivingar og preaksepterte løysingar og vurdere arbeidet med tanke på arbeidsoppdraget, kostnadseffektiviteten og miljøet
  • utarbeide framtidsplanar, bestille, ta imot, handtere og lagre råvarer og materiale og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
  • velje verktøy og materiale og vurdere kostnader, tidsbruk og miljøomsyn i arbeidet
  • bruke og halde ved like utstyr og maskiner for boring i fjell etter gjeldande regelverk og reflektere over ulike faktorar som påverkar miljø og kostnadseffektivitet
  • gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, dokumentere arbeidet i tråd med gjeldande krav for helse, miljø og sikkerheit og toleransekrav og reflektere over konsekvensane ved å ikkje følgje krava
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
  • kjeldesortere, vurdere om gjenbruk er mogleg, handtere avfall og reflektere over konsekvensar av feilhandtering
  • bruke fagterminologi i kommunikasjonen med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som medverkar til å minimere miljøavtrykket og sikre effektiv ressursutnytting
  • gjere greie for farar ved bruk av sprengstoff og tennmiddel og setje i verk tiltak som hindrar personskadar og skadar på materiell
  • klassifisere mineral og bergartar, identifisere bruksområda deira og vurdere farar ved sikringsarbeid
  • bruke kappe- og slipeutstyr til vedlikehald av borekroner, sikringsutstyr og kapping av boltar
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensar av støy, vibrasjonar og støveksponering
  • utføre arbeidsvarsling i samsvar med gjeldande regelverk og vurdere kva risikofaktorar under og etter arbeid som kan påverke sikkerheita for ein sjølv og andre og trafikkavviklinga
  • vurdere og gjennomføre sikkerheitstiltak ved arbeid i høgda og sikre risikoutsette arbeidssituasjonar
  • bruke verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
  • vurdere farar ved forsagarar, varsle om fare og setje i verk tiltak for å unngå skadar
  • gjere greie for bruk og vedlikehald av knuse- og sikteutstyr
  • vurdere eigenskapar ved fjellet, rydde for lausstein og setje i verk mellombelse og permanente sikringstiltak før og etter sprenging, over og under jord
  • bruke kappe- og slipeutstyr til vedlikehald av borekroner, boltar og sikringsutstyr
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • velje personleg sikringsutstyr etter kva type arbeidsoperasjon det er, og bruke utstyret etter gjeldande regelverk
  • vurdere tilstanden til fjellet, velje boltar og sikringsutstyr og drøfte kva faktorar som kan utløyse ras
  • vurdere korleis strøk og fall påverkar boltelengd og retning på bolten, bolte i fjell og estimere boltelengd
  • vurdere behovet for fagekspertise ut frå arbeidsbeskriving og eigenskapar ved arbeidsstaden
  • planleggje løfteoperasjonar, utføre anhuking, dirigere ved hjelp av handsignal og reflektere over konsekvensane av feil anhuking og signalgiving
  • utføre spett- og spylerensk, setje i verk sikringstiltak og drøfte faktorar som kan påverke sikkerheita til ein sjølv og andre
  • montere fjellboltar og stag, gjere greie for ulike forankringsmetodar og ulike typar boltar og stag og drøfte korleis val av materiale påverkar sluttresultatet

Undervegsvurdering