Vg3 fjell- og bergverksfaget (FJE03‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 fjell- og bergverksfaget handlar om å leggje til rette for å endre og skape ny infrastruktur under og over jord. Faget skal gjere lærlingane i stand til å bruke maskiner, sprengstoff og utstyr i grunnarbeid, mineraluttak og sikring av fjell. Det handlar òg om å sikre arbeidssituasjonar for å hindre personskadar og skadar på materiell og miljø, og å ta vare på det estetiske uttrykket i landskapet. Faget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvarar som kan leggje til rette for ein berekraftig infrastruktur som hindrar miljøskadar og medverkar til å ta vare på naturressursar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 fjell- og bergverksfaget skal bidra til engasjement når lærlingane skaper infrastruktur med varige miljøvennlege og energieffektive kvalitetar. Kritisk tenking og etisk medvit blir fremja gjennom val av berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting og gjenbruk av materiale vil òg vere med på å fremje respekt for naturen og miljøet. Vidare skal faget bidra til at lærlingane får kunnskap om kva pliktar og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og om trepartssamarbeidet der arbeidsgivarane, arbeidstakarane og styresmaktene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. Gjennom dialog og refleksjonar om krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap får lærlingane auka forståing for verdien av kulturelt mangfald i bygg- og anleggsbransjen.