Vg2 helsearbeiderfag (HEA02‑04)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter yrkesliv i helsearbeidarfag

  • reflektere over kva det vil seie å vere ein profesjonell helsefagarbeidar
  • forklare kva pasient- og brukarmedverknad inneber, og bruke dette i yrkesutøvinga
  • gjere greie for gjeldande regelverk om kvalitet i helse- og omsorgstenesta og drøfte kva fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp inneber
  • gjere greie for kva yrkesetikk er, og reflektere over etiske problemstillingar
  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eige arbeid
  • gjere greie for ulike hjelpemiddel og velferdsteknologi som kan bidra til sjølvstende, og som kan oppretthalde funksjonar i dagleglivet
  • gjere greie for gjeldande regelverk for handtering av legemiddel og ansvaret og rolla til helsearbeidaren
  • bruke hjelpemiddel og teknologi for å forbetre og effektivisere arbeidet
  • beskrive prosedyrar for helse, miljø og sikkerheit og bruk av kvalitetssystem
  • forklare korleis frivillige organisasjonar kan vere ein ressurs i helse- og omsorgstenesta
  • vurdere korleis ein kan gjere miljøbevisste val i yrkesutøvinga
  • gjere greie for ergonomiske prinsipp og bruke desse i yrkesutøvinga
  • gjere greie for prinsippa for universell utforming i samband med yrkesutøvinga
  • vareta eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet og gjere greie for korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering