Vg2 helsearbeiderfag (HEA02‑04)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg2 helsearbeidarfag handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om helsefremjande arbeid ved å leggje til rette for at pasientar og brukarar kan meistre utfordringar, oppleve meining og livsglede og ha tiltru til eigne ressursar. Det handlar vidare om å rettleie pasientar og brukarar til å ta gode helseval i tråd med tilrådingar frå helsemyndigheitene og om å identifisere sjukdomsteikn og forhindre, utsetje og førebyggje sjukdom.
Demokrati og medborgarskap
I vg2 helsearbeidarfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om pasient- og brukarmedverknad i helsearbeidet. Det handlar om å respektere andre sine meiningar og synspunkt i møte med pasientar og brukarar og andre samarbeidspartnarar. Demokrati og medborgarskap handlar vidare om å vareta verdiane i det demokratiske samfunnet vårt som grunnlag for profesjonell yrkesutøving. Det handlar også om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.
Berekraftig utvikling
I vg2 helsearbeidarfag handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å reflektere rundt og ta miljøbevisste val i yrkesutøvinga. Å ta miljøbevisste val inneber mellom anna å kjeldesortere, å redusere bruk av eingongsutstyr og å avgrense matsvinn.