Vg2 kokk- og servitørfag (KOS02‑01)
Kjerneelement
Handverksferdigheiter
Kjerneelementet handverksferdigheiter handlar om utvikling av råvarekunnskap, arbeidsteknikkar og produksjonsmetodar. Frambod, tilråding, sal og servering av mat og drikke inngår også i kjerneelementet. Handverksferdigheiter handlar vidare om å trene opp sensoriske og estetiske ferdigheiter gjennom tillaging, tilråding og presentasjon av produkt.
Berekraftig mat- og drikkeproduksjon
Kjerneelementet berekraftig mat- og drikkeproduksjon handlar om at val av råvarer, produksjonsmetodar, omsetning og lagerstyring får økonomiske, miljømessige og sosiale konsekvensar. Det handlar også om forståing av at råvarer er ein avgrensa ressurs i verda, og at gode val kan bidra til berekraftig produksjon og redusert svinn, avfall og miljøutslepp.
Arbeidsliv og yrkesidentitet
Kjerneelementet arbeidsliv og yrkesidentitet handlar om å løyse arbeidsoppgåver sjølvstendig og i samarbeid med andre. Det handlar også om å forstå kva som regulerer forholdet mellom arbeidstakar og arbeidsgivar, og samanhengen mellom krava i arbeidslivet og rettane til arbeidstakaren. Det handlar dessutan om å utvikle gode arbeidsrutinar for å vere rusta til eit framtidig arbeids- og yrkesliv.
Kvalitet og trygg mat
Kjerneelementet kvalitet og trygg mat handlar om å oppbevare og klargjere ulike råvarer og produkt for vidareforedling og sal. Vidare handlar kjerneelementet om emballering, sporing, merking, lagring, sal og servering av mat og drikke etter gjeldande regelverk. Kvalitet og trygg mat handlar også om å fremje kunnskap om kor viktig det er å følgje opp hygiene- og kvalitetssystema i bedrifta.