Kroppsøving (KRO01‑05)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 2. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- eigen kroppsleg bevegelse i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- og

grunnleggjande bevegelsar som å krype, gå, springe, hinke, satse, lande, vende og rulle i ulike miljø ut frå eigne føresetnaderÅ gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
- på å avlevere, ta imot og leike med ulike reiskapar og balltypar
Eleven yter innsats over ei viss tid og gjentek ein bevegelsesaktivitet for å oppnå eit mål.
- leike og vere med saman med andre i aktivitet i varierte bevegelsesmiljø
- leike og utføre grunnleggjande øvingar med tilvenning til vatn, som å dykke, flyte, gli, skape framdrift, hoppe uti og orientere seg i vatn
- og praktisere enkle reglar for samspel i ulike bevegelsesaktivitetar
Å forstå er å oppfatte meininga med noko, skjøne kva som blir kommunisert eller korleis noko heng saman.
- naturen i nærmiljøet med varierte aktivitetar til ulike årstider
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- og praktisere turreglar og
Å forstå er å oppfatte meininga med noko, skjøne kva som blir kommunisert eller korleis noko heng saman.
klede etter vêr og forhold i naturenÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- på trygg ferdsel i trafikken
Eleven yter innsats over ei viss tid og gjentek ein bevegelsesaktivitet for å oppnå eit mål.
- på trygg ferdsel ved vatn og på å kunne tilkalle hjelp
Eleven yter innsats over ei viss tid og gjentek ein bevegelsesaktivitet for å oppnå eit mål.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kroppsøving på 1. og 2. trinn når dei åleine og saman med andre deltek i, øver på og utfordrar eigne moglegheiter for bevegelse i ulike bevegelsesaktivitetar, både inne og ute, i natur og nærmiljø.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte bevegelsesaktivitetar som elevane gjer åleine og saman med andre. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kroppsøving. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i bevegelsesaktivitet, leik og samspel, uteaktivitet i nærmiljø og trygg ferdsel i trafikken og ved vatn.