Mat og helse (MHE01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 7. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke reiskap, grunnleggjande teknikkar og matlagingsmetodar til å lage trygg og berekraftig mat som gir grunnlag for god helse
- bruke sansane til å utforske og vurdere matens smak og tekstur og til å utforske anretning av mat
- kjenne att og greie ut om grunnsmakar i matvarer og fortelje om og diskutere korleis smak kan påverke matpreferansar og matval
- bruke oppskrifter i matlaging og rekne ut og vurdere mengda i porsjonane både med og utan bruk av digitale ressursar
- vise samanhengar mellom matvaregrupper og næringsstoff som er viktige for god helse
- bruke matmerking og kostmodellar til å setje saman eit sunt, variert og berekraftig kosthald og reflektere rundt vala sine
- bruke digitale ressursar til å samanlikne og drøfte produktinformasjon og reklame i ulike medium
- utnytte matvarer og restar frå matlaging og reflektere over eige matforbruk
- utforske og presentere tradisjonelle norske og samiske metodar for å konservere mat på og kunne fortelje om råvarene som blir konserverte
- lage måltid frå ulike kulturar og fortelje om og utforske korleis sosialt fellesskap og samhandling kan vere med på å styrkje god helse
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i mat og helse på 5., 6. og 7. trinn når dei lagar, utforskar og vurderer mat og måltid og når dei reflekterer rundt problemstillingar knytte til kosthald, helse og matforbruk.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte praktiske oppgåver på kjøkkenet og andre eigna læringsarenaer. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i mat og helse. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse til å lage berekraftig mat som gir grunnlag for god helse, og til å bli bevisste forbrukarar og formidlarar av matkultur.