Mat og helse (MHE01‑02)
Kjerneelement
Helsefremjande kosthald
Gjennom å lage mat og førebu måltid skal elevane få oppleve matglede og utvikle kunnskap om trygg mat og helsefremjande kosthald. Kostråda til helsestyresmaktene er sentrale for undervisninga og elevane skal få forståing for samanhengen mellom næringsstoff og helse og utvikle kompetanse til å kunne velje eit sunt og variert kosthald.
Berekraftige matvanar og berekraftig forbruk
Bruk og val av mat påverkar individet, miljøet og verda vi lever i. Gjennom å planleggje måltid og lage mat skal elevane lære å utnytte råvarer og matrestar og forstå at mat er ein avgrensa ressurs, slik at dei lærer seg berekraftige matvanar og blir bevisste forbrukarar.
Mat og måltid som identitets- og kulturuttrykk
Kulturen kring mat og måltid er i kontinuerleg endring og er påverka av råvarebruk, kunnskap, tradisjonar og sosiale eller religiøse normer og verdiar. Matlaging og måltid er sosiale arenaer for utforsking, samarbeid og samskaping. Møte mellom matkulturar og kulturelle aktivitetar frå Noreg og andre land fremjar mangfald og opnar for forståing, bevisstgjering og nysgjerrigheit. Slik skal elevane få oppleve matglede saman og slik kan matkulturane våre både fornyast og takast vare på.