Testeksamen
På testeksamen kan skolane teste utstyr og teknisk oppsett slik at de er godt førebudde før eksamen startar opp. Testoppgåvene er svært enkle og kan gjennomførast på eit par minutt.
Gjennomfør testeksamen
Gå til kandidat.udir.no og vel "jeg har eksamen i dag".
Datoar for testeksamen våren 2025
- 3. april
- 24. april
- 25. april
Påmelding til testeksamen er frå 11. mars.
Grunnskole
TST1001: 3. april i nytt gjennomføringssystem
TST1002: 3. april i PGS – eksamen
TST1003: 24. april i nytt gjennomføringssystem
TST1004: 24. april i PGS – eksamen
TST1005: 25. april i nytt gjennomføringssystem
TST1006: 25. april i PGS – eksamenVidaregåande
TST1009: 3. april i nytt gjennomføringssystem
TST1010: 3. april i PGS – eksamen
TST1011: 24. april i nytt gjennomføringssystem
TST1012: 24. april i PGS – eksamen
TST1013: 25. april i nytt gjennomføringssystem
TST1014: 25. april i PGS – eksamen
Testeksamen kan gjennomførast når som helst mellom kl. 09.00 og 18.00 på testdagen.
I vår vil testeksamenar i PGS vere sett opp som todelt eksamen, med start for del 2 kl. 10.00
Testing i to systemer samtidig
Det kan oppstå problem om dykk testar i begge gjennomføringssystem same dag, på same maskin. Dette problemet vil ikkje skje under den ekte eksamensgjennomføringa, sidan kandidatane gjennomfører eksamen i eitt system om gongen.
Om de ønskjer å testa som kandidat i begge gjennomføringssystem på same maskin, bør dei testa anten:
- med inkognitovindauge/Inprivate-vindauge/liknande og lukka mellom kvar test, eller
- i to forkjellege nettlesarar, ein for kvar fagkode
Påmelding til testeksamen
Skolane kan melde på kandidatar til testeksamen i PAS – eksamen. Skolen kan velje å melde på dei faktiske elevane sine til testeksamen, men det er ikkje nødvendig.
De kan raskt melde på heile grupper av fiktive kandidatar til testeksamen. Du gjer det slik:
- I PAS, gå til påmeldingsoversikt
- Testeksamen vil vere åpen for påmelding, vel ein av testfagkodane
- Lag ei ny kandidatgruppe i testfagkoden
- Inne i kandidatgruppa, trykk på knappen "legg til fiktive kandidater"
- Vel kor mange kandidatar du vil lage, maks 30 per kandidatgruppe
- Kandidatene får tilfeldige namn, men du kan endre dei viss du vil med knappen "rediger"
- I forkant av testdagen kan du gå til "kandidatnummer og passord" for å finne kandidatnummer og passord
Det er ikkje mogleg å melde på same kandidat til to ulike eksamenar same dag.