Kva er kartleggingsprøver?
Kartleggingsprøvene i lesing og rekning er laga for å finne elevar som treng ekstra oppfølging.
Kvifor kartleggingsprøver?
Det er viktig at desse elevane blir sett tidleg i løpet slik at dei kan få tilbod om den tilrettelegginga dei har krav på. Kartleggingsprøvene er dermed også eit verktøy for å hindre at elevar fell frå seinare i opplæringsløpet.
Prøvene er digitale og er laga for elevar på 1. og 3. trinn.
Resultata frå prøvene
Resultata frå prøvene gir berre informasjon om elevar som er i eit definert oppfølgingsområde. For desse elevane kan du sjå kva dei har svart på dei ulike oppgåvene i prøva.
Kartleggingsprøvene består av mange lette oppgåver. Derfor gir prøvene lite informasjon om elevane som får til alle eller nesten alle oppgåvene.
Resultatvisninga
Når elevane har avslutta prøva, viser resultatvisninga i PAs – prøver oversikt over elevar som er i oppfølgingsområdet. For elevane i oppfølgingsområdet vil resultata for alle oppgåvene vere tilgjengelege i resultatvisninga. For dei andre elevane vil det berre visast at dei har gjennomført prøva.
Prøvene er adaptive
Dei nye kartleggingsprøvene er blokk-adaptive. Dei er lagt opp litt ulikt, men felles er at elevane startar med å gjere nokre oppgåver som er like for alle. Basert på resultatet frå desse oppgåvene, blir elevane send ulike veger i prøva. På denne måten får elevane tildelt oppgåver som dei kan meistre.
Oversikt over prøvene
Obligatoriske kartleggingsprøver
- Lesing på 3. trinn
- Rekning på 3. trinn
Frivillige kartleggingsprøver
- Lesing på 1. trinn
- Rekning på 1. trinn
Det blir utvikla eigne leseprøver på nord-, sør- og lulesamisk. Kartleggingsprøvene i rekning blir omsette og tilpassa nord-, sør- og lulesamisk.
Sjå oversikt over prøveperiode.
Dersom skolen eller kommunen vel å gjennomføre frivillige kartleggingsprøver, skal alle elevane på det aktuelle trinnet ta prøva.
Korleis blir prøvene laga?
Fagmiljø ved høgskolar, universitet og nasjonale senter utviklar prøvene i samarbeid med fagpersonar i Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet har ansvar for at prøvene blir utvikla i samsvar med kvalitetskrava i rammeverk for kartleggingsprøver, og at dei blir tilstrekkeleg kvalitetssikra.
Rammeverk for kartleggingsprøver