Kva måler nasjonale prøver i engelsk?

Prøven måler kompetansemål i læreplanen som handlar om generell lese- og lytteforståing, vokabular og grammatikk. Kompetansemåla er utvikla med tanke på områda språklæring, munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og kultur, samfunn og litteratur.

Generell lese- og lytteforståing inneber

  • å kunne finne relevant informasjon
  • å forstå hovudinnhald og nokre detaljar
  • å kople informasjon i tekstar
  • å trekkje slutningar

Dette betyr at det ikkje er nok berre å kjenne att enkelte ord.

Å beherske vokabular inneber

  • å forstå kva enkelte ord og faste uttrykk betyr ut frå samanhengen. 

Her er det snakk om leksikalske ord (for eksempel house, run, sad) heller enn funksjonsord som er meir knytt til grammatikk.

Å beherske grammatikk inneber å forstå

  • setningsstruktur
  • ordformer
  • funksjonsord

Oppgåvene i prøva er utforma for å dekkje alle desse ferdigheitene. Det er likevel viktig å vere klar over at i mange tilfelle blir fleire ferdigheiter målt samtidig. I korte tekstar for dei yngste vil det til dømes ofte vere vanskeleg å skilje mellom å forstå hovudinnhald og detaljar. I slike tilfelle er det viktig å forstå detaljane (orda) for å forstå hovudinnhaldet. I andre tilfelle kan det vere viktig å kople informasjon for å forstå hovudinnhald eller detaljar.

Teksttypar

Brev, beskriving, forteljing, faktatekst, nyheitsmelding, bok- eller filmmelding, tabell, kalender

Tema

5. trinn: Tekstane handlar i all hovudsak om det kjende og nære, til dømes heim, skule, fritidsaktivitetar, vener, dyr og så vidare

8. trinn: I tillegg til tema nemnt for 5. trinn handlar tekstane om: historiske personar, engelskspråkleg kultur og elles tema som er aktuelle i samtida og relevante for aldersgruppa

Tekstlengd

5. trinn: Frå eit par setningar til om lag  250 ord

8. trinn: Frå eit par setningar til om lag 400 ord

Vanskegrad

Det er stor variasjon i vanskegraden oppgåvene har. Dette er avhengig av både tekst og sjølve oppgåva – altså det eleven skal gjere for å finne fram til svaret. Dette betyr at prøva inneheld oppgåver utvikla for elevar på ulike ferdigheitsnivå. Resultata frå dei siste åra viser at gjennomsnittseleven svarer rett på mellom 50 til 60 prosent av oppgåvene i prøva.

Meistringsnivå engelsk