Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift (AKT3-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etter Vg3
Aktivisering
- innhente, vurdere og bruke nødvendig informasjon om funksjonsevne, behov og interesser til brukarane og kva som er mogleg for dei
- setje mål for aktiviseringa, gjennomføre og vurdere aktiviseringsprosessar frå eit brukarperspektiv
- leggje til rette og gjennomføre sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar tilpassa funksjonsevna til brukarane og kva som er mogleg for dei
- gjennomføre og vurdere observasjon av brukarar i arbeid og aktivitet
- konkretisere idear og grunngi val av aktivitet og arbeid tilpassa fysiske, psykiske og sosiale føresetnader hos ulike brukarar
- demonstrere bruk av materiale, verktøy og teknikkar tilpassa ulike aktivitetar
- kommunisere med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar i aktiviseringsarbeid
- utføre nødvendig førstehjelp
- gjere greie for rutinar for og delta i arbeidet med internkontroll og kvalitetssikring
- bruke digitale verktøy i aktiviseringa
Administrering
- administrere og dokumentere aktiviseringsarbeidet
- gjere greie for og grunngi mål for aktiviseringsarbeidet
- dokumentere og vurdere verknader av aktiviseringstiltak for brukarane
- planleggje nye aktivitetar ut frå dokumenterte funksjonsendringar hos brukaren
- gjere greie for trendar i aktivitørfaget
- presentere og marknadsføre aktivitørfaget
- setje opp budsjett og rekne ut materialforbruk og pris på produkt
- bruke digitale verktøy i eige arbeid
- gjere greie for og følgje gjeldande regelverk knytt til aktivitørfaget og for helse, miljø og tryggleik
6 av 7