Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3 (DAT3-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Apparat og utstyr
Apparat og utstyr
- beskrive forretningsområdet til data- og elektronikkbedrifter innan apparat og utstyr
- utføre kontroll, vedlikehald og reparasjon av apparat og utstyr som tilhøyrer forretningsområdet til data- og elektronikkbedrifter
- velje feilsøkingsstrategi, velje instrumentoppsett, gjere overslag over venta måleverdiar, måle elektriske storleikar og vurdere måleresultatet
- gjere risikovurdering av det arbeidet som blir utført, kontrollere resultatet og vurdere kvaliteten på eige arbeid
- bruke eit fagleg presist språk i kommunikasjon med kundar, leverandørar, supportpersonell, kollegaer og representantar frå andre fagområde
- utføre arbeidet fagmessig og nøyaktig i samsvar med gjeldande regelverk, standardar, rettleiingar og teknisk dokumentasjon frå produsentar, for å sikre krav til eltryggleik, og persontryggleik
- utføre arbeidet i samsvar med rutinar for internkontroll og kvalitetssikring
- rettleie kundar og vurdere lønnsemda for kunde og bedrift i samband med reparasjons- og serviceoppdrag
- drøfte miljøutfordringar ved elektronisk avfall og produksjon av elektroniske apparat og utstyr
- vurdere og teste ut idear til produkt og tenester med tanke på utvikling, marknadsbehov og verdiskaping
- dokumentere eiga opplæring i apparat og utstyr
8 av 9