Programområde for hudpleiar - Læreplan i felles programfag Vg3 (HUD3-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Yrkesutøving
Yrkesutøving
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid som hudpleiar
- utføre dags-, kvelds- og brudemakeup med utgangspunkt i fargelære
- bruke eit utval av tekniske hjelpemiddel i ansikts- og kroppsbehandlingar og vurdere nytteverdien av apparatur
- bruke enkle korrigeringsteknikkar og kamuflere endringar i huda
- gi råd om behandling av uønskt hårvekst og bruke ulike arbeidsmetodar og apparat
- bruke metodar for handbehandling, lakketeknikk og pedikyr og grunngi val av metode
- bruke ulike massasjeteknikkar
- gi råd om korleis ulike kosmetiske produkt verkar kjemisk i og på huda
- arbeide i tråd med tiltak for helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen
- følgje ergonomiske prinsipp i yrkesutøvinga
- vurdere hud-, hår- og neglebehandlingar og føre journal
- drive kjøp, sal og marknadsføring i tråd med gjeldande regelverk
- utføre logistikk
- drive enkel budsjettering og føre ein enkel rekneskap
- bruke digitale verktøy i yrkesutøvinga
- drive kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av yrkesutøvinga
- planleggje og gjennomføre arbeidet i tråd med prinsippa for universell utforming av produkt og tenester
9 av 10